Hausten 2017 demonstrerte ryfylkeordførarane foran Stortinget i samband med forslaget til statsbudsjett for 2018. Den gongen fjerna regjeringa eigedomskatten på verk og bruk. Kanskje må distriktsordførarane tilbake til stortinget og demonstrera? Frå venstre står Kari Vaage Gjuvsland (varaordførar i Suldal), Bjørn Laugaland (ordførar i Hjelmeland), Asbjørn Birkeland (ordførar i Sauda) og Gerd Helen Bø (ordførar i Suldal).
Hausten 2017 demonstrerte ryfylkeordførarane foran Stortinget i samband med forslaget til statsbudsjett for 2018. Den gongen fjerna regjeringa eigedomskatten på verk og bruk. Kanskje må distriktsordførarane tilbake til stortinget og demonstrera? Frå venstre står Kari Vaage Gjuvsland (varaordførar i Suldal), Bjørn Laugaland (ordførar i Hjelmeland), Asbjørn Birkeland (ordførar i Sauda) og Gerd Helen Bø (ordførar i Suldal). FOTO: Privat.

Statsbudsjettet er innretta til å strupa små kommunar i stortingsvalåret

Som ordførar er eg ikkje overraska over at statsbudsjettet frå Høgre-regjeringa nok ein gong kuttar i overføringane til Sauda kommune. I årets statsbudsjett kjem følgande nyhende frå Høgre-regjeringa:

  • Kutt i rammeoverføringar til Sauda.
  • Feil framstilling av frie inntekter til Sauda kommune.
  • Kutt i kompensasjonen for bortfall av eigedomskatten på verk og bruk (smelteverket) – eit reint løftebrot.
  • Dei lovar full dekning for økonomiske tap grunna koronautbrotet i media – men Sauda ser ingenting til dette i statsbudsjettet.
  • Det er lovendring i statsbudsjettet om skatt på kraftverk – som det nok ein gong ikkje har vore lovarbeid bak og kommunane kan risikera å tapa inntekter frå kraftverk. Endringar i lovar burde vore utreda betre for kva konsekvensar det får for kommunane.
  • Regjeringa opprettheld kuttet i hurtigbåt til Rogaland Fylkeskommune.

Husk at 2021 er eit stortingsvalår. Regjeringspartiet Høgre styrer nå svært få kommunar – spesielt mindre kommunar som Sauda – og har alt å vinna på at det blir kutt i tenestetilbodet og upopulære strukturendringar i kommunane inn mot stortingsvalet. Eg meiner dette statsbudsjettet er styrt politisk for å gjere oss som styrer i kommunane upopulære inn mot stortingsvalet.

Nå har eg opplevd seks statsbudsjett frå Høgre-regjeringa som ordførar – og det er det same omtrent kvar gong. Regjeringa gjer endringar som gjer det vanskelegare å driva kommunar som Sauda. I tidlegare statsbudsjett har det vore gjort følgande grep som har hatt negative konsekvensar for Sauda:

  • Småkommunetilskotet er fjerna.
  • Inntektssystemet er vridd slik at kommunar med vekst er vinnarar – og kommunar med lav eller negativ vekst, som Sauda, er taparar.
  • Dei har auka grunnrenteskatten to gonger på kraftverk – dette gir lågare eigedomskatt på kraftverk til Sauda kommune.
  • Dei fjerna eigedomskatten på «verk og bruk» som har fått det svært missvisande kallenamnet «maskinskatten». Som betyr at kommunar med smelteverk og store industrianlegg mista inntekter. Her lova dei «full kompensasjon» som skulle fasast inn over sju år. Kommunane meinte heile tida at pengane sett av til dette var for lite. Nå, etter berre tre år, kjem første kuttet i denne kompensasjonen på 200 millionar kroner – eit klart løftebrot som går utover Sauda kommune.
  • Regjeringa forstår heller ikkje distriktskommunar godt og berekninga av «frie inntekter», altså forventa skatteinngong, har vore for lav for Sauda i alle seks åra! Regjeringa trur derfor det går betre i Sauda enn det faktisk gjer.
  • Inntektene til Rogaland Fylkeskommune har blitt redusert fleire gonger. Spesielt er regionale utviklingsmidlar kutta (faktisk halvert to gonger).

Og ein må hugse på at slike kutt kjem i alle statsbudsjett også i åra etter dei er gjort. Blir inntektssystemet endra eit år, så blir det slik i alle påfølgande år. Så skruen har altså vorte stramma meir og meir kvart år.

Slik eg som ordførar ser det må Saudabuen håpa på regjeringsskifte neste haust, slik at me får ei regjering med fokus på distrikta og god kommuneøkonomi igjen.