Forbetringspotensial

Det blei funne manglar ved nesten halvparten av kjøretøya då politiet og Statens vegvesen måndag denne veka kontrollerte mopedane til elevar ved den vidaregåande skulen. Resultatet er nedslåande og gir eit hint om ei forsømt kjøretøygruppe når det kjem til trafikktryggleik.

Blant manglane som blei oppdaga var dårlege lys og dårlege dekk. Det er openlyst at slike feil kan få fatale følger når me nå er på veg inn i den tida av året då det både er mørkt og glatt. I kontrollen fann ein også fleire mopedar som var trimma til å gå ein heil del fortare enn regelverket tillater, noko som også kan medfør auka fare for ulukker då føraren formelt sett ikkje har kompetanse til å føra eit kjøretøy i høg fart.

«Blant manglane som blei oppdaga var dårlege lys og dårlege dekk»

Vegtrafikklova gir føraren ansvaret for at motoriserte kjøretøy er i forsvarleg og forskriftsmessig stand før kjøring. Mange av dei som kjører motoriserte tohjulingar er imidlertid under myndigheitsalder. Dette gjer at det ligg eit ekstra ansvar på foreldra for å passa på at kjøretøya framstår i tråd med gjeldande føresegner. Resultata frå kontrollen måndag tyder på at ikkje alle klarer å følga opp dette ansvaret. Det kan i verste fall bli ei dyrekjøpt erfaring. Ifølge Trygg trafikk vil ikkje forsikringa gjelda dersom mopeden er trimma, noko som kan få store konsekvensar dersom føraren er involvert i ei ulukke som medfører skade på personar, kjøretøy eller eigedom.

«Ifølge Trygg trafikk vil ikkje forsikringa gjelda dersom mopeden er trimma»

Når så mange som 17 av 38 kontrollerte kjøretøy har manglar, kan det sjå ut som om det kunne vera ein god idè å ta tak i både haldningar og kunnskap om generelt vedlikehald av tohjulingar. Sannsynlegvis opplever både mange ungdommar og foreldre at dei kjem til kort når doningen har behov for reparasjonar, stell og kjærleik. I Sauda finst det imidlertid både ein motorsykkelklubb og ein mopedklubb der det garantert finst god kompetanse på området. Tar ein med ein vidaregåande skule som både har høvelege lokale og rike tradisjonar for å ta godt vare på elevane sine, skulle ein tru at det kunne la seg gjera å legga til rette for eit opplegg der mopedkunnskap og trafikktryggleik blir sett i fokus.

Dette handlar sjølvsagt ikkje om sure bøter for å ha bli tatt med trimmesett på mopeden sin, men å gjera trafikken tryggare for både unge mopedistar og alle andre som ferdast langs vegane.