– Sauda er ikkje beskytta mot plastforureining, og eg håpar saudabuane er klare for å gjere ein innsats under søndagens TV-aksjon, seier leiar ved Sauda Frivilligsentral IOGT, Mari Austarheim.
– Sauda er ikkje beskytta mot plastforureining, og eg håpar saudabuane er klare for å gjere ein innsats under søndagens TV-aksjon, seier leiar ved Sauda Frivilligsentral IOGT, Mari Austarheim. FOTO: Andreas Isaksen.

TV-aksjonen 2020 på søndag:

– Ein stille men viktig aksjon

Årets TV-aksjon blir utan kontantar, bøsser og banking på dører, men Mari Austarheim på Sauda Frivilligsentral håpar folk samlar seg for årets formål, som ho beskriv som ekstremt viktig.

Grunna smittehensyn blir årets TV-aksjon ikkje ei dør til dør-innsamling på same måte som ein tidligare har gjort. I år blir bøssene digitale, og betaling skjer via Vipps eller telefon. Mari Austarheim hos Sauda Frivilligsentral IOGT har deltatt som frivillig og organisator under TV-aksjonane til NRK dei seinaste ti åra, og ho innrømmar at årets aksjon blir noko spesiell.

– Det er jo klart at vi i år mister noko av det sosiale og samlande rundt aksjonen, som organisering av bøsseberarane og telling av dei innsamla pengane. I år blir det ingen bøsser, fortel ho til Ryfylke.

Slik blir det ikkje i år. Her er opptellinga i full gang under fjorårets TV-aksjon. I år blir det ingen bøsser eller kontantar. Arkivfoto: Frank Waal

– Forsvinn ikkje

Årets formål er ein sak som Austarheim brenn for. Nedkjemping av plastforureining i havet er eit globalt problem, og den engasjerte frivilligheitsleiaren er heilt klar på at utfordringane med plast i havet ikkje er eit problem vi slepp unna her i Sauda.

– Hava heng saman, og ingen slepp unna dette problemet. Verdas naturfond (WWF) driv tiltaket ”Eit hav av mulegheiter”, som dei innsamla pengane i årets TV-aksjon går til. Plasten forsvinn ikkje, og det krev innsats og pengar for å reversera det vi menneske har forsømt og forsøpla i fleire tiår, seier ho.

WWF har som eit uttalt mål at ingen plast skal vere på avveie i naturen innan 2030.

Søppelhandtering

Årets TV-aksjon har søraust-Asia som hovudfokus, der problemet med plastforureining er aller størst i verda. Austarheim oppfordrar folk til å ikkje tenke at dei ikkje vil støtte eit tiltak som ”hjelper folk ein heilt anna plass i verda”.

– Sjølv om forureininga er aller verst i søraust-Asia, gjeld problemet alle. Havstraumane dreg med seg plasten rundt om i verdas hav, og dette er ei utfordring for alle, inkludert oss saudabuer. Dette handlar om at vi no tar eit tak for dei komande generasjonane. For meg betyr det noko, seier ho.

Blant dei aller viktigaste tiltaka som skal finansierast gjennom årets TV-aksjon, er å gi omlag ein million menneske i Thailand, Vietnam, Filippinane og Indonesia tilbod om søppelhandtering, noko som ikkje finst i dag. I tillegg skal pengar brukast til å gi offentleg tilsette og bedriftar opplæring i gjenvinning og avfallshandtering.

Verdas største

Alle som ønsker å gjere ein innsats under årets TV-aksjon, har mulegheit til å melda seg som digitale bøsseberarar. Dette kan ein gjere på TV-aksjonens heimeside heilt fram til søndag.

– Eg håpar at så mange saudabuar som muleg stillar opp og gjer ein innsats for dette formålet. Vi skylder dei komande generasjonane å rydda opp etter oss. WWF sitt engasjement i denne saka er inspirerande, og bør visa veg for korleis vi skal handtera plast i framtida, seier Austarheim.

Allereie på onsdag tjuvstarta aksjonen med lunsjkonsert og kunstutstilling på Folkets Hus. Det var lærarane på Kulturskulen som spandera gratiskonsert til støtte for aksjonen, mens kunstutstillinga var laga av kunstklassen ved Kulturskulen.

– Det var ein knallkonsert, med fleire gode musikarar og god stemning. Det er begrensningar med tanke på deltakarar, men alle borda var fulle, og eg har inntrykk av at innsamlinga til formålet fekk ein god start, fortel ho.

WWF er verdas største miljøorganisasjon, og er tilstade i meir enn hundre land. Organisasjonens mål er å bremse klimaendringane, nedkjempa forureining og beskytte artar i naturen.

Plast i havet

  • Vi får i oss 5 gram plast kvar veke. Det tilsvarar vekta av eit kredittkort.
  • 36 prosent av livet i havet har forsvunne sidan 1970.
  • Kun 1 prosent av plasten i havet flyt på overflata. 94 prosent ligg på havbotnen.
  • Kun 14 prosent av plasten i verda blir brukt om igjen.
  • Det er anslått at det finst meir enn 150 millionar tonn plast i verdas hav.
  • Plast blir ikkje brote ned. Den blir bare brote opp i mindre bitar.

(Kjelde: WWF)

TV-aksjonen:

  • TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon, målt i tal på frivillige per innbyggar.
  • Aksjonen har vore arrangert kvart år sidan 1974.
  • Tidlegare år har omlag 100.000 bøsseberarar deltatt under kvar aksjon.
  • I tillegg til bøsseberarar, har omlag 7000 frivillige arbeida med koordinering.
  • Det er kringkastingssjefen som tar den endelege avgjerda om formål for aksjonen.

(Kjelde: NRK / WWF)