Sauda J13, her ved Ida Dybing Bakka (i blått til venstre) og Signe Saltnes Aarhus, kom tilbake og sikra uavgjort mot Vindafjord torsdag. Dermed slåss saudajentene om seriegull når Skjoldar/Vikebygd kjem til Sauda i kveld.
Sauda J13, her ved Ida Dybing Bakka (i blått til venstre) og Signe Saltnes Aarhus, kom tilbake og sikra uavgjort mot Vindafjord torsdag. Dermed slåss saudajentene om seriegull når Skjoldar/Vikebygd kjem til Sauda i kveld. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Fotball:

Kan avgjera serien på heimebane

Seriefinalen mellom jenter 13-laga frå Sauda og Vindafjord torsdag enda med poengdeling. Det gir Sauda sjansen til å sikra puljesiger i dagens heimemøte med Skjoldar/Vikebygd.

Ein rekordkort fotballsesong i dei aldersbestemte klassane er i ferd med å bli avrunda, og for tre lokale lag er puljesigeren innan rekkevidde.

Jenter 13-oppgjeret mellom Vindafjord og Sauda torsdag var i praksis ein seriefinale mellom dei to laga, som før kampen sto med eitt tap og resten sigrar i årets seriespel. Laget som gjekk sigrande ut av sjuarkampen kunne etterpå sjølv avgjer serien, uavhengig av andre resultat. Ein fest av ein målforskjell gjorde at heimelaget Sauda også ville koma godt ut av det med uavgjort.

Angrepsfotball

Det var heimelaget som kom best i gang. Etter åtte minutt sender Elisabeth Beate Tabot Sauda i føringa etter fine kombinasjonar i angrepsspelet. To minutt seinare utliknar gjestene, før dei etter snautt halvspelt førsteomgang går opp i leiinga. Sauda kjem tilbake ved Signe Saltnes Aarhus, men Vindafjord kvitterer bare minuttet etter utlikninga og går opp i 2-3 og etter kvart 2-4 mot slutten av omgangen. Eit fintspelande, svært offensivt heimelag får ikkje full uttelling, medan gjestene spelar enkelt og effektivt og blir belønna for det. Like før halvtid er imidlertid Aarhus på farten igjen. Pauseresultatet er 3-4.

Det blir langt mindre nettsus etter kvila. Signe Saltnes Aarhus står for omgangens einaste mål, og då sluttsignalet går står det 4-4. Sauda kan dermed sikra seg puljesigeren i morgondagens heimemøte med Skjoldar/Vikebygd.

G13-spenning

Også gutelaget til Sauda i 13-årsklassa kan vinna si andredivisjonspulje. Før to seriekampar stod att, hadde Sauda ei fempoengsluke til neste lag på tabellen, Skjold 2. Dei to laga møttest til dyst måndag kveld, der Skjold siste seg som det sterkaste laget og vann 3-1. Sauda har ny matchball borte mot Djerv 1919 2 i Haugesund på søndag.

Også jenter 14 har ennå sjansen til puljesiger. Då må saudajentene imidlertid ta poeng mot ubesigra Vindafjord, som igjen må ta poeng mot Falkeis, som til liks med Vindafjord står med bare sigrar så langt i sesongen.

Fotballsesongen 2020 blir ifølge terminlista avrunda med G19 sin heimekamp mot Ølen onsdag 11. november.