Sauda, ved Kristiane Teig (til venstre), Liva Sørnes og Toralf Garatun Rusten, sørga i formiddag for at Sauda tok sin første siger i Ryfylkequizen sidan starten i 2015.
Sauda, ved Kristiane Teig (til venstre), Liva Sørnes og Toralf Garatun Rusten, sørga i formiddag for at Sauda tok sin første siger i Ryfylkequizen sidan starten i 2015. FOTO: Even Emberland

Sauda til topps i Ryfylkequizen

Niandeklassingane scora 34 poeng av 36 mulege i finalen.

Laget frå Sauda ungdomsskule, beståande av Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten, viste solide kunnskapar om Ryfylke då dei i formiddag sigra i årets utgåve av Ryfylkequizen.

I ein rekordjamn konkurranse blei geografikunnskapane til saudagjengen tunga på vektskåla i kampen mot dei hardaste konkurrentane frå Tau Ungdomsskule. Til slutt skilde bare eit halvt poeng mellom laga.

Pugging og flaks

– Det var spennande, oppsummerer dei tre finalistane opplevinga kort tid etter at sigeren er eit faktum.

– Me hadde litt flaks. Resultatet kom som følge av litt flaks og litt pugging, opplyser Sørnes.

– Kor måtte de ty til flaks, då?

– Når det gjaldt mat, kjem det frå Teig.

Spørsmåla om mat frå Ryfylke var tydeleg det som gav saudalaget dei største utfordringane. Trass i litt flaks, mista dei forspranget dei hadde opparbeidd seg, mellom anna på kunnskap om bruer, tunnelar og båtar i Ryfylke.

– De svarte rett på om det gjekk bru, båt eller tunnel til Tjul. Hadde de høyrt om Tjul før?

– Nei. Eller jo! Eg visste at det er ei av øyane i Sjernarøyane, seier Garatun Rusten.

– Kva er de meste fornøgde med?

– Kartet! At me klarte å plassera mange av stadnamna på rett stad!

Premiedryss

– Nivået i finalen har aldri vore høgare, slo programleiar Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylkealliansen fast etter at saudalaget oppnådde solide 34 av 36 poeng.

Koronarestriksjonar gjorde at årets finale måtte gå med minimalt av publikum. Til gjengjeld blei arrangementet sendt direkte ut på nettet frå gymsalen på Årdal skule i Hjelmeland, der konkurransen føregjekk.

Finalsigeren gav kvar av dei tre vinnarane eit gåvekort på 1 500 kroner, pluss 3 000 kroner til klassekassen til 9B, alt gitt av regionens einaste lokalbank, lokalisert på Hjelmeland.