I eit lesarinnlegg tysdag i sist veke kom ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland (Sp), med nokre feilaktige påstandar. Han skreiv blant anna: «Inntektene til Rogaland Fylkeskommune har blitt redusert fleire gonger.»
Fylkesbudsjettet for 2014 var basert på den raudgrøne regjeringa sitt siste framlegg til statsbudsjett. Rogaland fylkeskommune har èin milliard kroner meir i inntekter i 2020 enn i 2014. Det gir ein realvekst i inntektene på 300 millionar kroner. Så det har blitt eit auka handlingsrom for fylkespolitikarane i Rogaland, og absolutt ikkje noko kutt slik som Senterpartiet prøver å skapa eit bilete av.
Den blågrøne regjeringa har prioritert kommunane gjennom fleire år. Kommunesektoren har blitt styrka med omkring 35 milliardar kroner sidan 2013.
Venstre ønskjer å riva ned det kunstige skilje mellom by og distrikt som Senterpartiet prøver å blåsa opp. Difor har me ein politikk for heile landet som er på lag med framtida. I mitt hjarta er det ingen tvil om at det beste for Noreg og etter neste val er å fortsetta å ha ei blågrøn regjering.