Optimisme på hyttefronten

Saudapolitikarane sitt hårete mål om 1 000 nye hytter i kommunen kjem eitt steg nærare realisering med regulering av 240 hyttetomter i Honganvik, Nordstøldalen og på Breiborg.

Det går naturlegvis tid frå ein har regulerte hyttefelt og byggeklare tomter til det er lys i vindauget og fyr i omnen. Det kan sikkert fleire utbyggarar skriva under på – det står alt i dag ledige hyttetomter i fleire dalføre. Samtidig blir det aldri noko hytte dersom ikkje formalitetane er på plass. Det å kunna tilby attraktive tomter i fleire dalføre har ein stor verdi for ein kommune som ønsker å markera seg som hyttedestinasjon.

«totalt 240 nye hytter i kommunen er gode nyheiter for lokalsamfunnet»

Politikarane har ei lita, men likevel viktig rolle som tilretteleggarar for nye hytteområde. Den største delen av arbeidet og den økonomiske risikoen fell på grunneigarar eller eventuelle utbyggarar som samarbeider med grunneigaren. Bare å få på plass ein reguleringsplan kostar mykje tid og pengar. Etablering av infrastruktur som veg, straum, vatn, avløp og parkering krev etter måten store investeringar. Erfaring viser at det kan ta tid før tomtesalet losnar og ein byrjar å få tilbake pengane ein har satsa. For mange inneber satsinga ein ikkje ubetydeleg økonomisk risiko.

Nyheita om at det blir arbeidd med reguleringsplanar for totalt 240 nye hytter i kommunen er gode nyheiter for lokalsamfunnet. Satsinga er sterke signal om optimisme og stor vilje hos grunneigarane. Det er vidare positivt at fleire grunneigarar lagar felles reguleringsplan for eit område med 135 hyttetomter – den største enkeltreguleringa i Sauda så langt.

«ti-tolv millionar kroner i årleg omsetning i det lokale næringslivet»

Det beste med at det nå blir jobba med nye hyttetomter i kommunen, er likevel betydinga dette vil få for det lokale næringslivet. 240 hytter vil kosta over ein halv milliard kroner å bygga, og når dei ein gong står ferdige representerer desse ti-tolv millionar kroner i årleg omsetning i det lokale næringslivet. Det er kjærkomne inntekter i ein kommune med stadig færre fastbuande.

Det er framleis tilgangen på snø og vinter som skil Sauda frå mange andre kommunar som ønsker å tiltrekka seg nye deltidsinnbyggarar. Det «kvite gullet» som dalar frå himmelen er dermed ein viktig suksessfaktor for at Sauda skal lukkast med målet om 1 000 nye hytter.

Med førre sesong friskt i minne, hadde det for Sauda-samfunnet sin del ikkje vore feil med ein skikkeleg lang og god vinter i år…