Saudagjengen til Team Rynkeby God Morgon Haugaland ønsker nye sykkelinteresserte saudabuar velkommen til å bli med på arbeidet mot barnekreft. Frå venstre: Oskar Bentsen, Merel Dirksen, Sander Stielstra og Peter Dirksen. Benjamin Snare er med i teamet, men hadde ikkje høve til å vere med på bildet.
Saudagjengen til Team Rynkeby God Morgon Haugaland ønsker nye sykkelinteresserte saudabuar velkommen til å bli med på arbeidet mot barnekreft. Frå venstre: Oskar Bentsen, Merel Dirksen, Sander Stielstra og Peter Dirksen. Benjamin Snare er med i teamet, men hadde ikkje høve til å vere med på bildet. FOTO: Privat.

Utfordrar givarglade saudabuar:

– La oss vere endå flinkare enn suldølane

Med glimt i auget og eit godt formål i botn, utfordrar Sander Stielstra og Oskar Bentsen frå organisasjonen Team Rynkeby alle saudabuar; nemleg å samla inn endå meir til barnekreftsaka enn Suldal.

Det europeiske veldedigheitsprosjektet Team Rynkeby syklar kvart år til Paris for å skaffe pengar til barn med kritiske sjukdommar. I Norge går alle dei innsamla pengane til Barnekreftforeninga si forsking. Team Rynkeby-organisasjonen har mange frivillige, òg i Sauda.

– Her i Sauda er vi fem frivillige, som deltar på både treningar, turar og innsamling. Vi tilhøyrer Team Rynkeby God Morgon Haugaland, som tel 42 syklistar og sju servicearbeidarar, fortel Oskar Bentsen.

Bentsen starta sjølv i 2017 med denne blandinga av sykkeltrening og aksjonsarbeid for å kome i form, samtidig som han fekk vere med på betydningsfullt arbeid for ein sak han brenn for. Då teamet frå Haugalandet starta innsamlingsaksjon nyleg, fekk dei imponerande resultat frå Suldal kommune. Ei panta flaske for kvar einaste innbyggar i kommunen er målet, og dette har dei alt klart i Suldal.

Nå er turen komen til Sauda, og då er utfordringa sjølvsagt klar. Kan saudabuane klara endå meir? Det trur frivillig og sykkelentusiast Sander Stielstra frå Sauda er fullt muleg.

– Vi kan vel klare minst to flasker per innbyggar i Sauda, kan vi ikkje? Nedkjemping av barnekreft er ei sak som alle kan engasjera seg i, og på nettsidene til barnekreftforeninga kan vi sjå i detalj korleis pengane blir tatt i bruk. Det synest eg er flott, seier han.

Tur til Paris

Då Team Rynkeby starta i 2001, var det litt tilfeldigheiter som slo inn. Det var elleve danske amatørsyklistar som var tilknytt juiceprodusenten Rynkeby Foods som ville sykle saman til Paris for å sjå den siste etappen av Tour de France. Dei samla inn pengar til turen, men då dei kom heim var det ein god del pengar igjen. Desse pengane blei donert til barnekreftavdelinga ved det lokale sjukehuset. Sidan den gong har det blitt 19 turar til Paris, 2000 sykkelryttarar knytt til Team Rynkeby, og ikkje mindre enn 424 millionar innsamla kroner.

Meiningsfylt

Stielstra er sjølv med i Team Rynkeby God Morgon Haugaland i år for første gang. Han har tatt med seg sykkelinteressa frå Nederland, då han flytta til Sauda.

– Kreft hos barn må vere noko av det verste som finst. Å kunna driva med ein hobby som sykling, og samtidig gjere meiningsfylt arbeid for ein så god sak, det er eg takknemleg for å kunne gjere, fortel han.

Alle laga, som kjem frå sju ulike land, syklar saman frå København til Paris kvart år, men følger ulike ruter.

– Vi har fokus på å gjere eit betydningsfullt arbeid heile året, og turen til Paris er på ein måte gulrota vår. Det er det vi gler oss aller mest til, fortel Bentsen.

Haugalandsteamet  har faste treningar saman kvar søndag, og drar på fleire lange treningsturar saman. Mellom turar og treningar er det det viktige innsamlingsarbeidet som står i fokus. No skal saudabedriftene besøkast, sponsorar skal skaffast og flasker skal samlast.

– Målet for Team Rynkeby i Norge er å samla inn mest muleg pengar til barnekreftforeininga, og dei har også sett opp et mål om å samle seks millioner flasker i år. Det er ei flaske per innbyggar. Her i Sauda satsar vi på å klare dobbelt så mykje, smiler Stielstra.

I Sauda kan du hjelpa Team Rynkebys arbeid for barnekreftsaka ved å samle dine tomflasker i ein av dei merka innsamlingspunkta. Desse innsamlingspunkta kjem snart på plass ved Coop Extra, Kiwi, Bunnpris, Esso og Sauda Skisenter. I mellomtida tar syklistane sjølv arbeidet med å hente flasker hos dei som tar kontakt.