Eg fekk eige kontor i avishuset der eg sat medan eg skreiv.
Eg fekk eige kontor i avishuset der eg sat medan eg skreiv. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Jobba for vennskapsbyen

Torsdag 22. oktober var mange ungdomsskuleelevar ute og jobba for å tena pengar til Sauda sin vennskapsby.

Solidaritetsdagen er ein dag der alle elevane på sauda ungdomsskule skal finne seg ein jobb for ein dag og tene 200 kroner. Pengane elevane tener går til vennskapsbyen til Sauda som heiter San Juan del sur og ligg i Nicaragua.

I år var solidaritetsdagen torsdag 22 oktober. Elevane kunne jobbe kor dei sjølv ønska. Mange valde å spørre etter arbeid i matbutikkar eller andre lokale firma. Andre i barnehagar. Ein kunne også jobbe heime, hos besteforeldre eller hos tanter og onklar.

San Juan del Sur

San Juan del Sur ligg ved Stillehavet og byen har vore sauda kommune sin offisielle vennskapsby sidan 1988. Klimaet i San Juan del sur er tropisk varmt med ein gjennomsnittstemperatur på 27 grader. I San Juan del Sur bur det omlag 18 500 menneske (år 2000), der det bur 8000 i byområdet og 10 500 i dei landlege områda rundt.

I byen har dei eit kulturhus der det blir tilbydd timar i dans, teikning, gitar og handarbeid. Kulturhuset har også ein spanskskule, eit lite museum og eit lite galleri. Ein av dei viktigaste økonomiske aktivitetane i kommunen er jordbruk der demt mellom anna blir dyrka ris, bønner og mais. Også fiske, sjømat og husdyrhald er viktig for kommunen.

I San Juan del Sur er det regntid frå mai til oktober. Det regnar rundt 1600 millimeter årleg.

Min arbeidsdag

Eg var så heldig at eg fekk jobba i Ryfylke på årets solidaritetsdag. Eg heiter Åsne Stensvåg Seim, eg er 13 år og går i 8c på sauda ungdomsskule. Arbeidsoppgåvene eg fekk denne dagen var å skriva denne artikkelen, rydda litt i gamle aviser og vera med og kjøra utslitte kontormøblar på tipp.

Eg syntest at det var kjekt å jobba i Ryfylke, og dei som jobbe her er veldig flinke i jobben sin. Dei er veldig snille òg.