Få tala på bordet!

Ingenting er betre enn fakta når det kjem til å drepa ein god debatt. Når kommunalsjef oppvekst og kultur Jakob Svandal nå utfordrar lokalpolitikarane på skulestrukturen i Sauda, bør imidlertid både fagleg grunnlag og eit godt talmateriale inngå som ein del av den påfølgande debatten.

Etter at Birkeland skule stengde dørene for godt i 2009, har signala frå det politiske fleirtalet  vore tydelege på at nokon ytterlegare reduksjon i talet på barneskular ikkje er aktuelt. Mellom anna blei rådmann Wictor Juul sitt forslag om å legga ned Risvoll skule i 2017 kontant avvist av dei folkevalde. Det er neppe for å gjera seg populær kommunalsjef Svandal nå løftar fram dette litt betente temaet igjen. Som skulesjef ligg det likevel under hans ansvar å arbeida for ein best muleg skule innanfor tenesteområdet sine tildelte rammer.

«Ein edrueleg, god debatt, er avhengig av gode kalkylar»

Det er nettopp utsiktene til reduserte rammer som nå ser ut til å kunna aktualisera debatten om skulestruktur igjen. Når rådmann Rune Kloster Tvedt i morgon legg fram sitt forslag til budsjett for 2021, inneheld dette sannsynlegvis ingen forslag om strukturelle endringar. Dermed blir politikarane utfordra på korleis kultur- og oppvekst, der skulen er desidert største budsjettområde, skal kunna klara seg med det som truleg blir ni millionar kroner mindre neste år enn i år.

Ifølge kommunalsjef Svandal har ikkje Sauda kommune elevtal til å forsvara drift på tre skular. Han framhevar også faglege fordelar og betre utnytting av lærarressursar ved større driftseiningar. Desse argumenta er for så vidt ikkje nye, men har så langt tapt i høve til verdien saudasamfunnet ser i å ha skular i nærområda.

«Kommunestyret må vita kva ei omstrukturering kan gi av innsparing»

Debatten om verdien av nærskular kontra organisering av opplæringa vil alltid vera utfordrande. Den enkelte sitt standpunkt vil ofte vera sterkt påverka av kva perspektiv ein inntar. I budsjettdebatten vil uansett økonomien i ei strukturell endring vera sentral. Kommunestyret må vita kva ei omstrukturering kan gi av innsparing, eller omvendt, sjå kva dagens skulestruktur kostar, for å gjera eit vedtak basert på fakta. Ein edrueleg, god debatt er avhengig av gode kalkylar der flest muleg tal og føresetnader kjem på bordet. Både for at politikarane skal få gode fakta på bordet, men òg for at innbyggarane i Sauda, politikarane sine oppdragsgivarar, i best muleg grad skal kunna gjera seg opp si meining.

Om kommunestyret då framleis vil at Sauda skal driva tre barneskular, veit dei i alle fall prislappen.