Venstre forstår openbart ikkje utfordringane i distrikta

Venstres Kjartan Alexander Lunde svarar meg i eit innlegg i fredagens avis. Der forsøker han å spore av debatten. Mitt innlegg handla om at regjeringa strupar små kommunar med fleire grep.

Eitt av grepa er kuttet i regionale utviklingsmidlar til fylkeskommunen som Sauda har merka hardt. Det einaste Lunde skriv om kommuneøkonomi er at regjeringa har styrka kommunesektoren sett under eitt. Det han ikkje skriv er at det er dei fem største kommunane som stikk av med desse pengane. Han peikar på at det er eit kunstig skilje mellom by og bygd, me som bur i Sauda veit at dette skiljet er langt frå kunstig. Sauda har merka dette på kroppen gong på gong dei siste seks åra – det er dette eg peikar på i mitt innlegg.

Eg trur kanskje Venstre bør ta seg ein tur ut i distrikta og oppleva forskjellane. Eg anbefaler at Lunde tek hurtigbåten til Sauda.