Ordførar Asbjørn Birkeland, for anledninga med halloween-dekorert munnbind,  meiner det er fullt muleg å ha ei kjekk halloweenfeiring, samtidig som ein har fokus på smittevern.
Ordførar Asbjørn Birkeland, for anledninga med halloween-dekorert munnbind,  meiner det er fullt muleg å ha ei kjekk halloweenfeiring, samtidig som ein har fokus på smittevern. FOTO: Andreas Isaksen.

– Ver smittebevisst, og ha det kjekt på Halloween

Ordførar Asbjørn Birkeland vil ikkje avlyse årets halloweenfeiring i Sauda. Han ber heller foreldre snakka med ungane om smittevern, og bli med sjølv.

Sauda kommune gir klare og konkrete råd i forbindelse med årets halloweenfeiring. Ordførar Asbjørn Birkeland har ei klar oppfordring til alle som omfamnar denne keltiske tradisjonen, nemleg å tenke bevisst på smittevern. Han fortel at vi i Sauda ikkje er så skjerma for covid-19 som ein del gjerne har inntrykk av.

– Så langt har vi vore heldige, men Suldal har hatt smittetilfelle nyleg, og vi er ikkje isolerte i Sauda. Styresmaktene har åtvara mot lokale utbrot, og vi kan bli ramma. Sjølv om vi er førebudd på eit utbrot i Sauda, er det viktig at alle tar sitt ansvar, og sett seg inn i korleis ein kan ha ei tryggast muleg halloweenfeiring, seier han.

Han opplyser at det mandag var sjukehusinnlagte med covid-19 både i Odda og på Stord.

Bør følge med

Blant kommunens råd for smittevern under halloweenfeiringa er det heilt konkrete tiltak, som å både kjøpa og ete bare ferdig innpakka godteri. Det blir òg oppfordra til å halde avstand til andre grupper som er ute og går.

Barna bør halde seg med dei same som dei vanlegvis er saman med, som i klassen eller i familien.

– Ein del av råda som er gitt, er ganske universelle, og gjeld òg andre dagar enn halloween. Generelt er det lurt å avgrensa kor mange menneske ein omgås tett. Foreldre bør følge med på kven barna vil gå på ”trick or treat”-tur med. Barna bør halde seg med dei same som dei vanlegvis er saman med, som i klassen, på barnehageavdelinga eller i familien. Mi oppfordring er at foreldre snakkar med barna om det som skjer, og korleis dei kan vere flinke med smittevern, seier Birkeland.

Ikkje alle vil ha besøk

Han oppfordrar alle til å begrensa den nemnte ”trick or treat”-runden til hus i nærleiken av der ein til daglig høyrer heime. Oppsøker ein områder og menneske ein ellers aldri er i kontakt med, auker man smitterisikoen. Kommunen gir òg råd om at den som opnar døra, er den same som deler ut godteri. Unngå å la mange hender plukke godteri i same skål, og del ikkje godteri med kvarandre, er blant oppfordringane.

Nokre saudabuar vil gjerne unngå kontakt med andre, og vil dermed gjerne sleppe besøk frå små halloweenkledde naboer. Det er fullt forståeleg, og ordføraren ber folk vere ekstra oppmerksame på dette i år.

– Det kan vere ulike årsaker til at folk ikkje vil ha besøk. Det kan vere at folk er i risikogrupper, eller at dei bare ikkje feirar halloween. Då er det eit sikkert teikn at utelysa er avstengd. Det betyr at ein ikkje ønsker besøk, seier han.

Flinke saudabuar

Å samlast for halloweenfest er ikkje forbode, fortel ordføraren. Han understreker at det er nasjonale råd for smittevern som gjeld, og at nye beskjedar kan kome frå myndigheitene på kort varsel. Generelle råd som handvask, avstand og hostehygiene gjeld til ei kvar tid. For heimefestar gjeld òg rådet om å omgås så få nye menneske som muleg.

Denne veka trer nye innstrammingar frå styresmaktene i kraft, og om ein tenker å arrangere halloweenfest, er det sett ei anbefaling om å ikkje ha meir enn fem gjester, i tillegg til vertane. Avgrensinga gjeld ikkje kohortar som barnehagegrupper og skuleklassar. Det er generelt anbefala å avgrensa talet på kontaktar så mykje som muleg.

– Eg har inntrykk av at saudabuane er ganske flink til å ha fokus på smittevern, og med sunn fornuft kjem ein langt. Følg med på dei retningslinjene som blir gitt frå styresmaktene, og ha ein fin halloween, seier Birkeland.

Beredskapsleiinga i Sauda har møte kvar veke, og har fortløpande evaluering av situasjonen. Då det sist veke blei gjennomført smittesporingsøvelse, blei det avgjort å utvida smittesporingsteamet frå fire sju personar.