I år er det fem humanistiske konfirmantar i Sauda. Frå venstre: Andrea Nathalie Fosstveit, Ine Lindanger Sørensen, Odd Ness Tveit, Victoria Hindrumsen Guindani og Hogne Bakka Hjorth.
I år er det fem humanistiske konfirmantar i Sauda. Frå venstre: Andrea Nathalie Fosstveit, Ine Lindanger Sørensen, Odd Ness Tveit, Victoria Hindrumsen Guindani og Hogne Bakka Hjorth. FOTO: Ingvil Bakka.

Nye ”gryteklare” konfirmantar

Fem lokale ungdommar har venta eit halvt år på seremonien og feiringa. I morgon blir dei gjort stas på i Folkets Hus.

– Me har venta lenge og heilt fram til nå, denne veka, har det vore uvisst rundt om det faktisk blir konfirmasjonsfest på oss. Nå ser det ut for at det blir seremoni i morgon, heldigvis, seier Andrea Nathalie Fosstveit.

Tok bevisste val

Fem lokale 15-åringar får i morgon, laurdag, det synlege beviset på at dei har følgt og gjennomført Human-Etisk Forbund sine konfirmasjonsførebuingar. Kursbeviset får dei overrekt i ein høgtidleg seremoni i Folkets Hus. Det store fleirtalet i årskullet deira valde tradisjonell kristeleg konfirmasjon. Dei fem humanistiske konfirmantane var bevisste i sine val av konfirmasjon.

– Eg er ikkje døypt og ville heller læra om ulike livssyn og etikk, framfor å læra om kristendom, fortel Victoria Hindrumsen Guindani.

Dei fire andre nikkar seg einige. Ingen av dei er heller døypte.

– Ingen i familien min er religiøse, men eg fekk velga heilt sjølv, forklarer Ine Lindanger Sørensen.

Viktige diskusjonar

Også desse fem ungdommane starta sine konfirmasjonsførebuingar utpå hausten 2019. Men utpå våren 2020 kom altså korona, noko som avgrensa aktiviteten noko. Ungdommane har likevel fått med seg fleire samlingar. Blant anna har dei vore på leir i Sandnes, der dei lærte om menneskerettar og livssyn og dei har vore på hyttetur til Gullingen i Suldal, der dei også lærte meir om menneskerettar og diskuterte mange filosofiske spørsmål. Dei har også vore i Sandnes og levd i eit rollespel i ein ”sorteringsleir”.

– Akkurat dette her siste, med rollespelet, så var dette ein ny modell, så det blei ein del att og fram og mykje venting. Men me forstod veldig godt kva dei ville ha fram med dette opplegget, fortel Viktoria.

– At me er heldige som bur i Norge, supplerer Odd Ness Tveit.

– Og at me ikkje blir dømt for kva me trur på eller meiner, legg Ine til.

I tillegg har ungdommane vore på eit par konfirmasjonsmøte lokalt.

Venting og tiltak

Nå er dei veldig klare for seremonien i Folkets Hus.

– Det har vore litt kjedeleg å måtta venta, men nå gleder me oss, seier Hogne Bakka Hjorth.

Alle gler seg til å feira saman med familiane sine.

– Eg er nøydd for å dela opp konfirmasjonen min. Oslofolka, altså pappa sin familie, kjem ikkje på grunn av koronasituasjonen. Derfor blir det ei feiring med oss og mamma sin familie nå, og pappa si side av familien seinare, fortel Victoria.

Fleire andre nikkar. Dei er vane med at ein må ta koronarestriksjonar.

– Det har vore kjedeleg å venta, ja. Og det er mange tiltak. Men det viktigaste er at me er på den sikre sida, seier Andrea smilande.

Fokus på smittevern

Bjarte Lygre er med i den lokale arrangementskomiteen og vil også leia seansen i Nyesalen i Folkets Hus i morgon, laurdag. Arrangementet er lukka og kun for eit avgrensa tal inviterte gjester.

– Me skal gjera det koronasikkert, forsikrar Lygre.

Blant anna vil kvar konfirmant kun ha elleve gjester, som blir fordelt på fastsette rekker, og der det skal vera to seter mellom kvar husstand. Alle gjestene er innmeldt på førehand, med namn og telefonnummer.

Medan Lygre vil vera ordstyrar under seremonien, vil det bli musikalske innslag frå både musikklærar James Clapperton og kulturskuleelevane Iver Bjerga Øverland og Ingrid Fatnes.

Varaordførar Sigrid Bojesen Fatnes vil tala til konfirmantane.

– Og så er det ei høgtidleg overrekking av kursbevis til konfirmantane, seier Lygre.

I år er det tredje året den humanistiske konfirmasjonen i Sauda og Suldal blir arrangert i Folkets Hus i Sauda.

– Før var det alltid i kulturhuset i Suldal. Etter Sauda fekk kulturhus har me vore her. Men frå og med nå blir det anna kvart år i Sauda og Suldal, forklarer Bjarte Lygre.