Venstre arbeider for framtida til distrikta

Vår distriktspolitikk handlar om at det skal vera godt å bu og arbeida over heile landet. Me treng kommunar som er attraktive nok til å vera alternativ til storbyane, både som arbeidsplassar og som stader å bu.

Eg forstår behovet for hurtigbåten til Sauda. Båtruta er viktig for infrastrukturen i Sauda og resten av Indre Ryfylke. Å mista båtruta er som å gå baklengs inn i framtida. Venstre arbeider difor for at båtruta skal bestå, og samtidig leiter me etter nye teknologiske løysingar som kan redusera utslepp og reisetid.

Det er merkeleg at ordføraren tysdag kalla det ei avsporing når eg påpeikar direkte feilinformasjon. Det blei påstått at inntektene til fylkeskommunen var kutta i fleire omgangar. Fakta viste derimot at Rogaland fylkeskommune hadde fått èin milliard meir i inntekter som medfører 300 millionar kroner i auka handlingsrom.

Senterparti-ordføraren etterlyser i sitt oppfølgingsinnlegg ei forklaring om dei regionale utviklingsmidlane. Når ein samanliknar Rogaland fylkeskommune sitt 2014-budsjett (siste den raudgrøne regjeringa la grunnlaget for) med 2021-budsjettet, så er det ei nedgang på mindre enn 3 millionar kroner i regionale utviklingsmidlar frå staten. Det utgjer eit lite beløp samanlikna med dei meir enn 300 millionane som fylkeskommunen har fått i auka handlingsrom. Her kunne fylkespolitikarane enkelt fått ordna dette, men pengane er i staden brukt på andre gode tiltak for distrikta som til dømes omstillingsstøtta til Sauda kommune og ekstra satsing på Sauda vidaregåande skule.

Den blågrøne regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021 skal bidra til å få fleire tilbake i jobb og sikra næringslivet fleire bein å stå på over heile landet. For å bidra til at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at flest mogleg ledige kjem i arbeid, foreslår regjeringa å setta av 1,35 milliardar kroner til ordningar som skal bidra til vekstkraftig næringsliv og velfungerande tenestetilbod i distrikta.

Venstre bidreg til at statsbudsjett for 2021 skal styrka distrikta, ved at fleire kjem tilbake i jobb og næringslivet får fleire bein å stå på. Me har ein politikk for heile landet som er på lag med framtida. Venstre ønskjer å oppretthalda og styrka moglegheita for å leva gode liv, uansett kor i Noreg ein bur.