Tid for munnbind?

Etter at covid-19-bølga i vår roa seg, har Sauda sleppt svært billeg unna. Fram til nyleg kjende ein ikkje til fleire smittetilfelle enn tre i mars. Oppblomstringa av smitte dei siste vekene, der også Sauda har kome på smittekartet igjen, er ei tydeleg påminning om at korona-kampen på langt nær er over.

I august hadde Norge 300 nye smittetilfelle i veka. I september 700. I oktober var talet stige til 900 i veka og i slutten av førre veke blei det registrert 495 nye tilfelle på eitt døgn. Mykje tyder på at landet står overfor den mest alvorlege smittespreiingssituasjonen sidan i mars, noko som har fått styresmaktene til å innføra nye, nasjonale tiltak for å avgrensa spreiing av smitte. I tillegg blir kommunar med høge smittetal bedt om å vurdera endå strengare lokale tiltak.

Sidan mars har det norske samfunnet blitt gradvis betre rusta til å handtera covid-19 sjukdom og -smitte. Sjølv om testkapasiteten i dag er betydeleg betre, reknar ikkje Folkehelseinstituttet med at meir enn 40 prosent av smittetilfella blir oppdaga. Til samanlikning var tilsvarande tal for mars på 10 prosent. Alt tyder med andre ord på at det er langt fleire smitta enn statistikkane fortel.

«Opptrappinga frå styresmaktene sist veke handlar om å ta vare på liv og helse»

Opptrappinga frå styresmaktene sist veke handlar om å ta vare på liv og helse og unngå at Norge havnar i same situasjon som mange andre land i Europa. Førebels er ikkje dei norske tiltaka på same nivå som dei mange andre land har innført. Både på kontinentet og på dei britiske øyane er nedstenging av kulturtilbod, treningssenter, velveresalongar og serveringsstader tatt i bruk for å stagga ei smittespreiing på veg ut av kontroll. I tillegg blir det lagt føringar på kor mange menneske ein kan og bør omgås.

I vår region er ein uforholdsmessig stor del av dei nye smittetilfella knytt til utanlandske gjestearbeidarar. Styresmaktene ser at arbeidsinnvandring utgjer ein auka smitterisiko, og har derfor stramma inn karantenereglane for denne gruppa.

«naivt å tru at det ikkje før eller seinare vil dukka opp meir koronasmitte»

Det vil vera naivt å tru at det ikkje før eller seinare vil dukka opp meir koronasmitte blant fastbuande saudabuar. Det kjører mellom anna tusen bilar i døgnet på Ropeidvegen – det betyr at saudabuar er ute og møter folk frå andre stader – og dermed aukar sjansane for at viruset dukkar opp ein stad nær deg. Det er med andre ord god grunn til å halda fast ved einmetersregel, spriting av hender og avgrensa tal personar på same stad.

Kanskje bør det også etter kvart bli meir vanleg å sjå munnbind i bruk i Sauda – slik som «i byn»?