Utsikt frå Lysebotn.
Utsikt frå Lysebotn. FOTO: Lise Bjelland. Bilde 1 av 3
Janne Hindrumsen og Nicholas Guindani ved Kraft Kafe i Sauda.
Janne Hindrumsen og Nicholas Guindani ved Kraft Kafe i Sauda. FOTO: Lise Bjelland. Bilde 2 av 3
Litunet ved Hylsfjorden.
Litunet ved Hylsfjorden. FOTO: Lise Bjelland.Bilde 3 av 3

Nasjonal-epos for ryfylkingen

Kva er Ryfylke? Og kven er ryfylkingen? Roy Høibo og Lise Bjelland gir mange av svara i boka «Godt ry» med undertittel «Kjensla av Ryfylke».

Irrgrøne bøar, kystlandskap, beitande smale, majestetiske fjell og milevis med snø. Ryfylkeregionen strekker seg frå øysamfunnet Kvitsøy i vest, Norges minste kommune i utstrekning, til høgfjellsområde lengst i aust. Øyar, fjordar og fjell, alt er like typisk for regionen som historisk har vore den rike delen av Rogaland, både på folk og ressursar.

Det er lett å la seg begeistra. Det har Roy Høibo gjort, innflytta austlending for meir enn 40 år sidan. Og Lise Bjelland, hytteryfylking og gift med utflytta saudabu Ivar Oftedal. Begeistringa har dei to formidla mellom to permar, i tekst og bilder.

Hyllest

– Det skjer mykje spennande i Ryfylke og det bur mange flinke og innovative menneske her. Dei vil me vera med og løfta fram, seier forfattar Høibo, og hintar til at både hardingar og sogningar gjerne viser betre igjen enn i landskapet enn folket frå Ryfylke.

– Ryfylkingen er kanskje litt smålåten av seg, er ikkje den som ropar høgast. Han har imidlertid mykje å fortella og er i botnen stolt av identiteten sin, legg han til.

Roy Høibo valde å tre inn i pensjonistane sine rekker i 2015, etter i ei årrekke å ha vore direktør for Ryfylkemuseet. Pensjonisttilværet har imidlertid ikkje vore av det passive slaget for 71-åringen, som dei siste åra mellom anna har laga kulturminneplan for Sauda og nå altså ei eiga bok.

– Bakgrunnen min gjer at eg før har hatt mest fokus på historia. I boka har me konsentrert oss mest om samtida.

– Kan ein kalla det eit tidsbilde av Ryfylke anno 2020?

– Det kan ein, heilt klart. Og så er det hyllest, samtidig som eg har prøvd å ha ei journalistisk tilnærming til stoffet, avrundar Roy Høibo.

Ryfylke rundt

Tidsbildet til Høibo og Bjelland dokumenterer eit Ryfylke det er lett å vera stolt over. Rundreisa i regionen fortel historier om krefter og kraft. Ryfylke er rikt både på vasskraft skaparkraft og drivkraft. Og berekraft, sjølv om ryfylkingen stadig jaktar på meir av denne.

Eit eige kapittel er tileigna smaken av Ryfylke. Her blir det dyrka tomatar i verdsklasse og laga Norges beste eplesider. Ryfylkelandbruket utviklar seg, både på land og i vatnet. Stikkordet er kvalitet. Ryfylkingen veit kva han vil.

Kven er så denne ryfylkingen? Smålåten, men stolt, ymtar Høibo. Uthaldande? Kraftfull? Nyskapande? Boka gir ikkje noko klart svar. Likevel gir møtet med dei mange ryfylkingane i boka lesaren eit hint. Me får treffa mjølkebøndene Sigrid og Thorild i Suldal, tomatdyrkar Jan Terje frå Finnøy og Nicholas og Janne frå Kraft kafe i Sauda, mellom andre. I sum blir møtet med menneska eit god bilde på kven ryfylkingen er. Eller ikkje. Ryfylkingen er eit romsleg omgrep.

Meir enn tusen ord

Røy Høibo sine fortellingar om folk i Ryfylke og møta med dei, om fortid, nåtid og litt om framtida, skildrar ein mangfoldig region. Bildene til Lise Bjelland både understrekar teksten og legg til nye moment som knapt kan forklarast med ord. Som inntrykket ein får på Litunet ved Hylsforden, dimensjonane med Norsk Stein på Berakvam, dei majestetiske fjella i Førrebotn og rundt husa ved Håheller i Lysefjorden og kystkultur og hummarfiske på Kvitsøy. Summen av alt er overveldande og identitetsskapande, og hadde Ryfylke vore eit eige land, ville «Godt ry» vore ein god kandidat som nasjonalepos.