Tenk langsiktig

Kva tenester er lovpålagde? Kva prioriteringar er nødvendige? Kva er framtidsretta og for kven? Kva tenester er gode? Gode nok? Kva er smart å velja? Kan ein utsetta å retta seg etter krav frå styresmakter? Driv kommunen med luksus? Kva er moralsk rett, feil og i grenselandet? Korleis blir det kommunale tenestetilbodet når røyken har lagt seg og budsjettet til Sauda kommune for 2021 er klubba igjennom?

Det synest liten tvil om at saudabuen dei neste åra vil komma til å merka at kommunen har lagt seg på eit tenestenivå som kostar meir enn ein har råd til – og at forbruket må ned. Anten ein i større eller mindre grad er mottakar av kommunale tenester eller tilsett, vil eit redusert tilbod nesten utelukkande opplevast som negativt. Dei færraste er likevel ueinige i at det er eit gyllent prinsipp å setta tæring etter næring.

«pengane har gjennom desse kanalane fungert både som såkorn og gjødsel»

Sauda er ein av dei heldige kommunane i Norge som kvart år hentar ut mange titals millionar kroner i inntekter frå kraftproduksjon. I kommunebudsjettet blir delar av desse inntektene, pengane frå konsesjonsavgifter og sal av konsesjonskraft, disponert til tiltak som indirekte skal gi kommunen inntekter – nå eller seinare. For 2021 gjeld dette eksempelvis midlar til «For Sauda KF» som igjen skal kanalisera midlar til Sauda Vekst, Sauda Bedriftskapital og til arbeid for Saudatunnellen mot Etne. Og til samarbeid med Sauda Ferie & Fritid, løypekjøring, merking av turløyper og drift av turistanlegget i Allmannajuvet.

Sett opp mot gode skule- og barnehagetilbod og eit verdig omsorgstilbod for kommunens eldre, kan desse tiltaka fort verka mindre viktige. Det er dei òg – i seg sjølv. Om ein løftar blikket og tenker litt framover i tid, blir samanlikninga imidlertid langt meir komplisert. Ved hjelp av konsesjonspengane har Sauda i ei årrekke kunna arbeida med å legga til rette for utvikling av både eksisterande og ny næring i tillegg til å bygga attraktivitet for Sauda som hyttekommune.

«Avlinga kjem i form av skatteinntekter»

Konsesjonskraftpengane har gjennom desse kanalane fungert både som såkorn og gjødsel for saudasamfunnet. Avlinga kjem i form av skatteinntekter frå arbeidsplassane som kjem til eller blir oppretthalde lokalt. Avkastninga har utan tvil variert frå år til år, og ein kan gjerne diskutera både organisering og metode. Det er imidlertid liten tvil om at innsatsen er liten samanlikna med potensialet i oppsida. Pengane blir i dag investert med tanke på ei framtidig avkastning, som igjen kan bidra monaleg til finansieringa av kommunale tenester i åra som kjem. Det bør Sauda kommune halda fram med.