Vanlegvis pleier Frelsesarmeen og lokale musikkrefter å arrangera ein adventkonsert i Sauda kyrkje, første eller andre søndagen i desember. I år blir konserten avlyst, som følge av den pågåande koronapandemien. Ifølge Vang ser ikkje Sauda musikkorps, som hadde tatt på seg hovudansvaret for arrangementet, noko anna løysing.
– Ein har sett på alternative løysingar, også digital konsert, men ein klarte ikkje å finna gode nok praktiske løysingar. Det blir for krevande å gjennomføra med tanke på alle smitteverntiltaka ein må ta omsyn til, forklarer Vang.
Den årlege julekonserten i Sauda kyrkje samlar alltid fullt hus, og både vaksne og barn står for den musikalske underhaldninga. Konserten har dei siste 15 åra blitt leia av major Vang.
– Alltid like kjekt. Det er ein eigen spesiell stemning i kyrkja under denne konserten. Både musikantar og publikum verkar å lika dette godt, så det gjer vondt å måtta avlysa, seier Vang.
Frelsesarmeen pleier kvart år å få samla inn rundt 20 000 kroner under konserten. Nå oppfordrar Vang folk til å støtta armeen økonomisk på anna vis.
– Me har jo som vanleg julegryta vår. Og ein kan støtta via vipps eller bankkonto!
Dei innsamla pengane går til vanskelegstilte i Sauda og omegn.