Vi meiner det er heilt klart at skulesektoren er meir sårbare en helsesektoren med tanke på budsjettkutt, seier lærar Arne Austarheim og elevrådsrepresentant Joy Katrin Årtun (15).
Vi meiner det er heilt klart at skulesektoren er meir sårbare en helsesektoren med tanke på budsjettkutt, seier lærar Arne Austarheim og elevrådsrepresentant Joy Katrin Årtun (15). FOTO: Andreas Isaksen.

– Skulen meir sårbar for budsjettkutt

Samarbeidsutvalet ved Sauda ungdomsskule meiner det er heilt klart at skule og oppvekst bør få mindre kutt enn helsesektoren i kommunebudsjettet for 2021.

Eit samla samarbeidsutval ved Sauda ungdomskule uttrykte i førre veke stor bekymring for at ti stillingar i oppvekstsektoren er føreslått kutta i rådmannens budsjettforslag for 2021. Åtte av stillingane er føreslått kutta frå saudaskulen. Samarbeidsutvalet består av rektor ved skulen, to elevar frå elevrådet, to lærarar, ein kommunestyrerepresentant og to foreldre frå foreldreutvalet.

– Samarbeidsutvalet er samde om dette. Vi meiner det ikkje er tvil om at skulen i Sauda er meir sårbar enn helsesektoren. Derfor bør heller ikkje skulen oppleva så kraftige og dramatiske kutt, seier leiar i samarbeidsutvalet ved Sauda Ungdomsskule, Arne Austarheim til Ryfylke.

Mister hjelpelærarar

Austarheim arbeider til dagleg som lærar ved skulen. Han skildrar ein kvardag der økonomisk utfordring heile tida gjer seg gjeldande.

– Vi er alt i dårlig økonomisk forfatning. Vi har ein ny læreplan som kom i fjor, som stiller nye krav til metodar og bøker. Likevel har vi stadig utdaterte skulebøker. Desse skulle vore fornya, men det skjer ikkje. Vi har fått beskjed om å avgrensa vikarbruken, og ser at klassane vil få endå mindre muligheit for å ha ein hjelpelærar i klassen, sjølv om behovet er stort for det, fortel han.

Tydelege KOSTRA-tal

Samarbeidsutvalet opplyser at elevane ved ungdomsskulen merkar at pengar blir spart, ved at vikarlærarane dei får, ikkje har den rette faglege bakgrunnen.

– Barna er framtida, og vi ønsker å ha ein skule som gir oss eit skikkeleg tilbod. Vi synest ikkje det er rett å sette vikarar inn i fag dei ikkje er trygge på, seier elevrepresentant i samarbeidsutvalet, Joy Katrin Årtun (15).

Arne Austarheim stiller seg undrande til kommunens prioritering i budsjettforslaget, og han stiller òg spørsmål ved prioriteringane som er gjort tidlegare.

– Vi ser frå KOSTRA-tala i kommunebarometeret at Sauda ligg på andreplass innan helse, men heilt nede på 119. plass i skulesektoren. Har vi verkeleg prioritert skule nok i Sauda? Har vi brukt pengane rett? Då kommunen oppretta ei ny stilling som pedagogisk rettleiar for barnehage og skule, trengte vi verkeleg det? spør han.

Opp til politikarane

Kommunalsjef skule og kultur, Jakob Svandal, meiner det er svært vanskeleg å samanlikne oppvekst og helse utifrå kostratal.

– Det er svært forskjellige måleparameter som ligg til grunn for tala som kjem fram på desse to områda, seier han.

Svandal ønsker ikkje å kommentere stillinga som pedagogisk rettleiar, men seier at rådmannen og kommunalsjefane har arbeidd lenge med budsjettet som nå er levert til politisk behandling.

– Nå er det politikarane som skal arbeide vidare med budsjettet. Når det er ferdig behandla, vil leiinga i oppvekst i samarbeid med dei tillitsvalde starta arbeidet med å innarbeida det nye budsjettet til det beste for barn og unge i Sauda, avsluttar han.