Saudaruta under lupa

Fylkestingsgruppa under leiing av Tom Kalsås kalla inn kommunepartia til Ap til innspel om kuttframlegga som er komne som gjeld hurtigbåttilbodet. Kuttframlegg er komne fordi Rogaland fylke får omlag 90 millionar mindre i overføringar etter ein ny fordelingsnøkkel som regjeringa har innført. Det er arbeidd målretta for å få omgjort denne beslutninga, men utan å lukkast. Det blir nå jobba med av fylkespolitikarane for å innarbeide den nye situasjonen i budsjettet for neste år og dei kommande åra. Det er gjort forarbeid til Sauda Arbeiderparti sitt innspel til fylkestingsgruppa ved diskusjonar innad i partiet, og samsnakking med dei andre partia i Sauda. For det er viktig at i slike store og viktige saker må me snakke med ein stemme utad. Sauda Arbeiderparti sitt innspel blei i hovudsak slik:

Det er forståeleg at finansieringa er vanskeleg, og at alle må få ein reduksjon.

I 2021 har det ikkje vore endringar i hurtigbåttilbodet til Indre Ryfylke, så i den omgangen har me sluppe billeg.

De må likevel hugse på at hurtigbåten er nå det einaste kollektivtilbodet  me har til regionsenteret. Det er pr i dag det einaste alternativet for barn og unge, folk utan eigen kjøredoning, folk utan sertifikat.

I framtidig rutetilbod vil det vere den høgste prioriteten å oppretthalde det pendlartilbodet som hurtigbåten representerer. Det eksisterande tilbodet har gjort det muleg å pendle mellom Sauda og Sand, då reisetida har vore kort. Reisetida med buss blir for lang (ein time og 10 minutt). Dette har gjort det muleg å betrakte Suldal Sauda som ein felles arbeidsmarknad.

Utan båten vil elevane på Sauda Vidaregåande  Skule frå nabokommunar ikkje lenger ha eit reelt nærskuletilbod, og må velgje hybel dersom dei skal gå på vidaregåande skule.

Dette betyr at det vil vere svært viktig for oss å oppretthalde hurtigbåttilbodet, spesielt i vekene.

I Kolumbus  sitt kuttframlegg for 2022 er det føreslått kutt av ein tur laurdag og ein tur søndag. Dette vil medføre at det vil bli uråd med dagstur til Stavanger på laurdag. I diskusjonar som har vore kring dette temaet blir det konkludert at kuttet om søndagen er til å leva med, men dersom det skulle bli eit val mellom å behalde laurdag eller søndag så er det laurdagsruta som må oppretthaldast.

I 2023 og vidare må det vere desse nemnde prioriteringane som må leggast til grunn. Indre Ryfylke slit med å oppretthalde folketalet, og eit ringare rutetilbod vil senke attraktiviteten. Det vil derfor vere av stor betydning for dette distriktet at tilbodet ikkje blir ytterlegare forringa.

Kan hende ein alternativ måte å sjå problemstillinga på ville vere å utfordre Kolumbus på materiellet? Er storleiken på båtane avpassa etter passasjertalet? Kan eventuelt mindre båtar eller  spare på mannskapsstorleik? Vil endring til anna drivstoff kunne føre til reduserte kostnader?