Kva argument skal vega tyngst?

Når spareknivane kvessast og rådmannen varslar store kutt i budsjetta til Sauda kommune er det lett å velga å snu det andre kinnet til å varsla at kutta må tas andre stader enn hjå ein sjølve.

Dei heller mindre optimistiske spådommane kring kommuneøkonomien er ikkje kjekk lesing same kva sektor ein høyrer til. Når rådmannen også framhevar at kvaliteten på tenestetilbodet vil bli dårlegare er det lett å forstå at ein blir bekymra. Sjølvsagt gjer det vondt å spara og det kan fort gå utover dei svakaste blant oss. Argumenta mot nedskjeringane er plausible og gode, samstundes er det også klart at gapet mellom inntektene og utgiftene til Sauda kommune er slik dei er, anten ein fryktar kutt i tilbodet i helse eller i oppvekst. Den økonomiske realiteten er reell.

Kanskje er tida mogen for å ta ein større debatt om kor pengane tek vegen? Uansett den demografiske samansetninga til Sauda er nå slik den er. Det blir stadig fleire eldre, men også fleire unge. Medan dei middelaldrande som skal betala gildet blir ei stadig meir marginal gruppe. Det er dei harde fakta.

Kanskje er tida også mogen for å sjå oss sjølv i spegelen å tenka nytt? Sjølvsagt er det tøft sjå på struktur innan oppvekst. Det gjer vondt. Det er ikkje det me ønsker. Samstundes, skal me godta eit kutt på nær 10 millionar kroner, men ikkje prøva å sjå nye mulegheiter? Og om ein unngår kutt i denne runden, kva skjer neste gong ein kvessar kniven? Eg seier ikkje at me skal legga ned Risvoll skule eller skyva 7. klasse inn på ungdomsskulen. Eg sit absolutt ikkje med løysinga, men kanskje kunne ein saman heva blikket og sett på kva mulegheiter som finst?

For det første, er det pengar å spara på å legga om skulestrukturen? Og isåfall, kor mykje? Om det ikkje er pengar å spara, korleis kan ein då legga til rette for at skulane ikkje opplever nye kutt i dei komande åra? For det er mi store frykt. Ei stadig utarming av ressursane og nye kutt utan at ein tilpassar seg. Det skaper iallfall usikkerhet.

Eg får også med meg argumenta om at det blir dei svakaste som taper på kutta og at ein difor ikkje kan kutta. Gode, tungtvegande argument. Sett frå ei anna side, er det ikkje dårleg av oss overfor dei svakaste å ikkje sjå på alternativa? Tenk om ei endring i struktur eller anna kunne gjort at ein kunne oppretthalde omtrent same talet på lærarar som i dag, men i staden i ei litt større klasse. Ville tilbodet då blitt betre, dårlegare eller det same som i dag?

Denne tanken sender eg også til politikarane. Same kor ein landar på struktur eller andre løysingar er det vel kvaliteten på tilbodet som må stå i fokus? Det er klart ein nærskule kan vera kvalitet, men er det kvalitet viss ein stadig opplever kutt og at ein får stadig mindre ressursar?

For det er klart at ein skule nært kan vera forlokkande for nye innbyggarar og såleis eit godt argument. Samstundes trur eg ein ønsker ein skule med kvalitet framfor kvantitet. Vil nærskulen vera like forlokkande om ein må kutta så mykje at det går ut over kvaliteten som rådmannen påpeikar i sitt forslag? Skal me ha skulane slik me har det i dag og ikkje enda opp med eit dårlegare tilbod, må ein vera villig til å ta kostnaden.

Eg sit som sagt ikkje på fasiten. Eg ønsker ein vid og grundig debatt. Me må snu dei berømte steinane. Eg trur den største feilen me kan gjera er å gjera slik ein annan kommune i distriktet. For nokre år tilbake diskuterte ein 4 eller 5 dagars skuleveke. Det enda med at ein let det bli opp til kvar grend å bestemma kva ein ønska. Ein let altså dei føresette få bestemma kor mange dagar borna skulle gå på skulen. Kor blei dei pedagogiske argumenta av?

Eg håpar me unngår ei slik løysing i Sauda; ei løysing der ein tek større omsyn til føresette sine meiningar enn til kvaliteten på det tilbodet me gir ungane våre. At ein ikkje tør ta debatten.

Borna er framtida vår og fortener betre enn som så.