Sauda VGS 2

60 personar i karantene – skulen stengt ut veka

Ytterlegare ein tilsett ved Sauda videregående skule har fått påvist koronasmitte. 60 personar er nå i karantene, og blir testa fortløpande.

To personar har til nå fått påvist Covid-19 i løpet av den siste veka. Begge er tilsette ved Sauda videregående skule.

– Alle nærkontaktane til den første smitta skuletilsette, er nå blitt testa. Alle er negative for koronavirus. Unntaket er ein person, som søndag fekk påvist smitte. Arbeidet med å kartlegge vedkommande sine nærkontaktar er gjort, og per i dag er 60 personar i karantene totalt. Desse blir nå testa fortløpande, opplyser kommuneoverlege Knut A. Omdal.

Uoversiktleg

Omdal fortel at arbeidet med smittesporing har vore ein grei jobb, mykje takka vere godt samarbeid med Sauda videregåande skule.

– Både dei smitta og dei øvrige tilsette ved skulen har samarbeidd veldig godt, og kommunikasjonen har vore god, noko som har gjort at arbeidet har gått fortare, seier han vidare.

Omdal skildrar det slik at situasjonen knytt til smittelinjer hos den første smitta ved skulen er under kontroll. Likevel slår han fast at situasjonen i Sauda er uoversiktleg. At det vil bli iverksett fleire lokale tiltak dei neste dagane, vil han ikkje utelukke.

– Vi har allereie stengt DMS-en for besøkande, og Sauda videregåande skule held nå stengt ut denne veka. Avhengig av kva slags resultat vi får dei komande dagane, kan det bli sett i gang fleire tiltak, seier han.

Fleire scenarier

Om situasjonen skal vise seg å utvikle seg til det verre, er kommunen førebudd på det, opplyser kommuneoverlegen.

– Vi har planar klare for alle scenario, frå det heilt ufarlege til det verst tenkelege. Akkurat nå vil eg oppfordre folk til å avgrense sin kontakt med folk så mykje som muleg, og eg vil be alle som planlegg besøk til eldre på pleieheim om å vurdere om det kan utsettast. Også idrettslag og treningssenter bør vurdere nødvendigheten av sine aktivitetar akkurat nå, seier han.