Arkivbilde: Andreas Isaksen
Arkivbilde: Andreas Isaksen

95 testa sidan søndag

Heile 95 personar har sidan søndag blitt koronatesta i Sauda. 48 av dei i samband med smitten på Sauda vidaregåande skule. Ny smittesporing er sett i gong, etter at ein person knytta til skulen fekk påvist smitte i Suldal torsdag.

Alle nærkontaktane som var registrerte i samband med dei to smittetilfella på Sauda vidaregåande skule, er nå testa og i karantene. Alle testane har komne tilbake negative.

– Dette er gode nyheiter, og sjølv om desse testane er foreløpige, og må gjentakast seinare denne veka, meiner vi å ha kontroll på denne isolerte saka, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal til Ryfylke.

Han beskriv likevel smittesituasjonen i Sauda som uoversiktleg. Torsdag melde Suldal kommune om eit smittetilfelle hos ein person som også er knytta til Sauda vidaregåande skule. Personen har oppgitt omlag 20 nærkontaktar, der eit mindretal er frå Sauda. Dermed er ei ny smittesporing i gong, også her i kommunen.

Alvorleg

Ein av årsakene til at kommuneoverlegen ikkje vil ”friskmelde” Sauda, er tendensane vi kan sjå nasjonalt.

– Situasjonen i resten av landet er alvorleg, og vi ser ikkje teikn på at smittetala skal gå ned. Så lenge situasjonen er slik, og tala i resten av landet går opp, må vi også forvente fleire smitta i Sauda i tida framover. Eg vil framleis oppfordra folk til å halde god avstand, og begrensa den sosiale kontakten til eit minimum, seier han.

Omdal stadfestar at dei nasjonale retningslinjene for smittevern, også gjeld i Sauda. Han utelukker heller ikkje at fleire restriksjonar kan kome frå sentralt hald.

Nye testar

Einingsleiar ved Sauda Legesenter, Olivia Obtinario, opplyser at dei seinaste dagane har vore hektiske på legesenteret, der koronatestinga i Sauda blir utført. Søndag blei 15 personar testa, måndag 25 personar, tysdag 51 personar og onsdag blei fire personar testa. Nå startar testinga av saudabuar som er nærkontaktar av den smitta personen i Suldal.

Sjølv om dei seinaste dagane har vore hektiske, er det foreløpig ikkje aktuelt å utvida smittesporingsteamet, ifølge Obtinario.

– Arbeidet i saka med Sauda videregåande skule har vore veldig bra, og teamet har jobba godt saman. Vi er åtte-ni personar i teamet, og er førebudd på denne typen sakar også i framtida, seier ho.

Idrettslaget tar koronagrep

På grunnlag av smittesituasjonen i Sauda, ba kommuneoverlegen tysdag idrettslag og treningssenter om å vurdere viktigheita i sine aktivitetar dei komande dagane, og dette har Sauda Idrettslag teke til seg. Allereie same dag som beskjeden kom, innstilte idrettslaget all bruk av klubbhuset inntil vidare.

– Vi har følgt oppfordringa frå kommuneoverlegen, og vurdert viktigheita av aktiviteten vi driv med. Difor har vi foreløpig stoppa samlingar i idrettsbrakka, som møter, sesongavslutningar og liknande fram til neste tysdag, seier leiar i Sauda Idrettslag, Roger Birkeland.

Birkeland opplyser vidare at idrettslagets grupper rettar seg etter dei respektive særforbunda sine retningslinjer når det gjeld restriksjonar og tiltak knytta til Covid-19.

– Vi vil i det lengste halde sportsleg aktivitet gåande for dei utøvarane som det er tillate for. Når det gjeld bruk av idrettsbrakka, tar vi ei ny vurdering på det tysdag, seier han.