– Me burde tilsette fleire i denne sektoren, ikkje redusere. Det går ut over tilbodet til brukarane og det går ut over dei tilsette. Sjukefråveret er alt for høgt. Nå skal dei bli enda meir belasta, påpeikte Ragnhild Ness da Eldrerådet måndag skulle behandle rådmannens budsjettforslag.
Ivar Johannes Handeland meinte at ein ikkje kan sjå bort frå dei økonomiske realitetane Sauda kommune står overfor.
– Me kan ikkje bare seie nei til nedskjering. Me må vere meir konkrete. Kuttet kunne ha vore større enn kva rådmannen foreslår. Eg meiner at me bør gå for rådmannens forslag, forslo Handeland.
Hans Wigelius meinte at det ikkje var Eldrerådets oppgåve å finne ut kor pengane skal bli tatt frå dersom ein ikkje stemmer for rådmannens forslag.
Men fleirtalet i eldrerådet enda likevel opp med å støtte rådmannens forslag, men rådet ønska å framskunde bygginga av nye institusjonsplassar ved Åbøtunet. Helst ønsker Eldrerådet at byggeprosessen startar opp i løpet av 2021.
Eldrerådet ønsker også at det blir planlagt areal til frisør, hud- og fotpleie ved Åbøtunet. I tillegg eit lite kjøkken til brukarane slik at det er muleg å lage enkle ting gjennom eigenaktivitet. Også meir grøntareal blei trekt fram som eit ønske når institusjonskapasiteten blir utvida.
Eldrerådet 16. November
Møteleiar: Ragnhild Ness
Møtetid: 10.30-13.00
Til stades:
Ragnhild Ness, Pensjonistforeningen
Hans Agnar Wigelius, Pensjonistforeningen
Hallgeir Amdal, Arbeidarpartiet
Eva Abelsen, Pensjonistforeningen
Ivar Johannes Handeland, Senterpartiet
Asbjørn Birkeland, Senterpartiet
Solfrid Tjordal, uavhengig
Fråfall:
Ingen
Sakliste:
025/2020 Godkjenning av innkalling og saksliste
026/2020 Forprosjekt Omsorg 2030
027/2020 Sykkelstrategi og Plan for sykkelvegnett til høring
028/2020 Økonomiplan 2021-2024 og budsjett 2021
029/2020 Orienteringssak