Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto. FOTO: Colourbox.

Nytt smittetilfelle i Sauda

Sauda kommune meldar om eitt nytt smittetilfelle av Covid-19. Vedkommande er sett i isolasjon, og det skal vere full kontroll på smittelinja.

Som eit proaktivt tiltak, velde Sauda kommune måndag å teste alle tilsette og elevar ved Sauda vidaregåande skule, og dei meldar i dag, onsdag, at 99 prosent av desse testane er komne tilbake negative.

Kommunen meldar vidare at det altså ikkje er noko påvist smitte knytta til Sauda vidaregåande skule per i dag. Skulen startar dermed opp som normalt torsdag. Den midlertidige besøksstansen ved Sauda DMS blir samstundes oppheva.

Personen som i dag har fått påvist smitte, har ikkje nokon tilknytning til skulen, men er busett i Sauda. Kommuneoverlege Knut A. Omdal opplyser at det er full kontroll på personens smittelinjer. Han fortel at kommunen kjenner til kor personen mest sannsynleg har blitt smitta, men ønsker ikkje å gå ut med detaljer om dette.

– Av hensyn til personvern ønsker eg ikkje å seie meir om det, men det er på det reine at vi kjenner til alle smitteveier, og reknar tilfellet som under kontroll, seier han.

Omdal ønsker heller ikkje å gi nokon opplysningar om den smitta personen har opplevd nokre symptom i samanheng med smitten.