Frå silkeføre – til is i rubben – kommentar til rådmannens budsjett

I 2019 kunne rådmannen leggja fram eit budsjett der det blei snakka om «silkeføre». God glid og sol i horisonten blei spådd for 2020. Me kunne gå på tur og nyta vèr og føre, alle mann!

Barneskirenn! Det skulle bli så lett! Vel, i dag veit me alle at det ikkje skulle gå sånn. 2020 blei i staden ei seig femmil i eit forferdeleg vèr og føre.

I skular og barnehagar starta me med ganske grei glid og godt feste. Me låg aldri i tet, men heller ikkje langt bak skjema. Det varte diverre ikkje lenge. Me ana tidleg konturane av  stadig mørkare skyer i horisonten. Og brygga det ikkje opp til storm, tru? Jodå, i mars blei det full krasjlanding etter å ha panikkploga ned ein ganske bratt og skummel unnabakke. Me måtte alle søkja ly i stormen, kvar mann i kvar si snøhole, og me blei bedt om å fortsette turen digitalt. Ingen hadde lenger kontroll på det store feltet;  Kven skulle dra lasset? Kven trengte hjelp? Hadde alle framleis god nok glid og feste? Var me kledd for stormen? Korleis gjekk det med dei aller yngste? Og ungdommane? Og dei vaksne? Var det nokon som ville bryta, eller ville alle få hjelpa dei hadde behov for? Tja, er vel konklusjonen, men alle prøvde så godt dei kunne. Det gjekk som vanleg verst utover dei med dårlegast teknikk og grunntrening.

Den verste stormen gav seg heldigivis etter ein lengre periode, og stadig fleire kunne komme ut av holene sine for å ta fatt på vegen vidare. Nokre var meir skaka enn andre, og ikkje alle hadde hatt det like greitt med seg sjølv og sine i isolasjon. Likevel såg det no i alle fall lysare ut,  og det blei konkludert med at det hadde vore eit smart trekk å søkje ly, sjølv om ikkje alle hadde makta å delta i det digitale løpet midt oppi det store kaoset. Kva konsekvensar dette ville få for den vidare ferda var det ingen som kunne stadfeste, men mange av oss sleit no med både glid, vèr og føre. Men kva skulle ein gjera? Jo, det var berre å krumma rygg og nakke, ta på seg utstyret, smøra skia og pakka sekken på nytt. Men ein måtte nok fortsetje i litt større fart for å ta igjen det tapte, siste innspurt før alle skulle få ein velfortent pause og ferie.

Etter ferien var det rett ut i løypene igjen, etter kvart kom det òg fram at nokre stilte til start med både knekte stavar og ski, eller med litt mindre proviant i sekken enn dei strengt tatt burde. Nokre hadde og fått sekkar med store, tunge steinar dei måtte streva med på vidare ferden. Konsekvensane var nok større enn ein fyrst hadde frykta. Andre gav igjen utrykk for å slite med motivasjonen, ja både unge og vaksne. Det kom òg rapportar om at fleire hadde mista formen, medan andre hadde fått dårlegare teknikk. Kommunikasjonen blei stadig meir utfordrande, og gjekk plutseleg både på tvers og fram og tilbake. Støtteapparatet fekk fleire oppgåver, til trass for at fleire måtte bryte løpet innimellom på grunn av for dårleg form. I tillegg var smørjinga og gliden vekke hjå dei fleste.

Men kvardagen var tilbake, det var ingen bøn! Resten av feltet måtte sette opp farten og yte ekstra for å bøta på fråvèret. Løypevalga blei iherdig diskutert undervegs, og ein bomma stadig vekk på vala som blei tatt. Eitt steg fram, to tilbake. Løypa var diverre for vanskeleg å følgje berre på kompasskurs, og dei flotte oppkøyrde løypene var ingen plass  å sjå. Dei forsvann diverre med stormen, dei òg! Skyene låg dessutan framleis mørke og trugande i horisonten.

Ein må ta lærdom av erfaringane og brette opp ermene og stå på. Ja, utan stå-på-vilje, kunnskap og mot kjem ein ikkje i mål. Målet var vel aldri å vinne dette løpet,  men derimot å få alle trygt gjennom med hovudet heva og sjølvrespekten på plass. Det har nok mange delvis gjort til no, sjølv om løpet overraskande nok plutsleg vart forlenga med tre dagar undervegs.  Ja, faktiskt heilt fram til julafta, til feltet sin store frustrasjon. Men det skal nok gå det og, på eit vis.

Historia vil vise at det diverre blei ei av dei tyngste femmila nokonsinne, det er sikkert og visst. Men det aller verste er kanskje at det ikkje ventar noko belønning anna enn heder og ære når ein kryssar målstreken vesle julafta 2020.  Neste år blir det foreslått å auka lengda på løpet med mange mil. Ja, «femmila» skal erstattast med Birken og Marcialonga. Samstundes blir det spådd eit skrinnare trenarteam og støtteapparat, og krava om teknikk og stil skal bli strengare. Alle skal følgje ein ny løypetrasè og nye lover og reglar. Ny løpsplan blir det og. Med andre ord,  ikkje noko barneskirenn, ikkje sol i horisonten, ikkje noko silkeføre. Me må truleg starte med is i rubben alle mann. Så får me sjå kor mange som bryt undervegs. Eg er redd det er dei med den tyngste sekken eller dårlegaste teknikken, slik er det som oftast.