Budsjettkutt igjen!

Sauda kommune har havna i ei økonomisk «hengemyr». Dette har me vore borti før, men denne gongen er det visst verre.  Skule og barnehage er blitt utfordra på å kutta cirka ni millionar kroner frå neste år, åtte stillingar i skule og to i barnehage.

Slik ståa er nå driv kommunen skule og barnehage ganske så billeg, me ligg på 119. plass på «barometeret» og innan pleie og omsorg ligg me på andre plass.  Tidlegare blei det hevda at kommunen hadde ein administrasjonsstab som kunne betjena nær det dobla antal innbyggjarar.  Då er det ekstra trist og sjå at dei største kutta er føreslått i dei ulike institusjonane, «på golvet», der produksjonen føregår.  Me må gjera nokre grep uansett for å fortsetja vidare på vegen.

Lærarane er ikkje kjende for, eller har tradisjon for, å stå på barrikadane for sin eigen del.  Det gjer me ikkje denne gongen heller, men synes det er på sin plass og seia noko om kva som rører seg i skulen. Me som arbeider der, ser vel meir på det som «eit kall, eller livsstil» om de vil.

Lærarane er veldig dedikerte til arbeidet sitt, og dei set så absolutt eleven i høgsetet.  Det er ein rikdom og æra å få vera med den oppveksande slekta på deira veg framover.  Men me kjenner også på frustrasjonen ved å ikkje alltid kunna gjera det som er optimalt for den enkelte elev og klasse.  Dette på grunn av manglande ressursar.  Dessverre går dette utover dei elevane som allereie slit, og har det vanskeleg i skulekvardagen.

Me vaksne kjenner på avmakt og tristheit, dette slit veldig over tid. Eg ser og høyrer mykje frustrasjon, oppgittheit og kjensla av avmakt blant dei som arbeider i skule og barnehage.  Eit resultat av dette er meir sjukemelding og tidlegare avgang til pensjon, noko som allereie er synleg.

Skulekvardagen har endra seg ein heil del på dei 30 åra eg har arbeidd i skulen.  Den er blitt mykje meir samansett. Det kjem stadig vekk pålegg om nye program og system som skal innførast, endringar av praksis. Om alle desse er like godt gjennomtenkt og drøfta med dei som skal bruka desse kan nok diskuterast. Og kanskje det som er mest frustrerande er at me opplev at det går berre eit lite år, så er det ut og noko anna på veg inn. Det er ikkje billeg å innføra nye ting, det veit me, og når det blir brukt berre i ein kort periode, kan det vera lov å setta spørjeteikn ved ressursbruken. Dette kostar meir enn det smakar. Og då tenkjer eg ikkje berre i kroner og ører, men like mykje på dei tilsette og det er fleire og fleire barn som slit.  Det kan vera fagleg, men ikkje minst sosialt og psykisk.

Kanskje me er flinkare til å sjå slike ting i dag, får håpa det, slik at dei kan få tidlegast mogleg hjelp. BTI, Bedre tverrfaglig innsats er eit nytt samarbeidsprosjekt i kommunen.  Fleire og fleire elevar treng tett oppfølging dagleg og gjerne heile dagen, for at dei skal meistra å vera på skulen.  Dette krev mykje ressursar.  I kvardagen me har nå er det krevande å få dette til, og eg tør ikkje tenkja på korleis det vil bli med 8 færre lærarstillingar til neste år. Eg seier stakkars elevar og ikkje minst dei vaksne som skal prøva å løysa dette. Me må hugsa at det er mykje lurare og billegare å førebu enn å reparera i etterkant, då blir prislappen ein heilt annan. Dersom dette skal gjennomførast bør det så absolutt ligga ei konsekvensanalyse på bordet i førekant, slik at ein er klar over kva som kan skje.

Sauda treng tilflyttarar, og då helst unge familiar med barn. Ein av tinga som blir markedsført er nærskular med trygg skuleveg.  Dette er positivt, og me ser at det i dei seinare åra har kome fleire småbarnsfamiliar til bygda, fantastisk!! For å ha ei levande og sydande bygd er det kjempeviktig at det kjem yngre krefter til, slik at me kan oppretthalda vekst.  Det er desse som vert framtida, dei som skal løfta og bera vidare.  Barna er vår framtid, det viktigaste me har, mest dyrebare. Det skal leggast ut to nye byggjefelt i Saudasjøen. Kor attraktive vil desse vera dersom det stadig blir snakk om at Risvoll skule skal leggjast ned? Kva gjer denne «verkande byllen» med dei som arbeider på skulen, bur der, og eventuelt har planar om å etablera seg der?

Det å leggja ned ein nærskule har fleire viktige dominokonsekvensar med seg. Dei alle fleste forskingar syner at det blir dyrare når ein tek høgd for alt som høyrer med, ikkje puttar utgifter inn i andre budsjett for å kamuflera utgiftene. Og kva om det blir etablert ein privat skule i staden for – det blir dyrt for kommunen det!

La oss fortsatt ha fokus på «Barns beste» i Sauda kommune, og la den oppveksande generasjonen ha forutsigbare og trygge rammer.