Major Thorbjørn Vang i karakteristisk positur med trekkspellet sitt. Trass koronakluss fekk Frelsesarmeen i Sauda inn over 100 000 kroner i si juleinnsamling denne gongen.
Major Thorbjørn Vang i karakteristisk positur med trekkspellet sitt. Trass koronakluss fekk Frelsesarmeen i Sauda inn over 100 000 kroner i si juleinnsamling denne gongen. FOTO: Ingvil Bakka.

Pandemien stoppar ikkje 92 år gamle Vang

Helgas julegateopning og julegrantenning blei avlyst, men det blir liksom ikkje skikkeleg advent og jul utan Thorbjørn Vang si velkjende songstemme ved julegrana på Rådhusplassen. Det fiksa majoren med eit spontant ”stunt” på laurdag.

– Kor mykje trekkspelet mitt veg? Tolv kilo! Det blir tyngre og tyngre for kvart år! Haha!

Det er laurdag, klokka har akkurat passert tolv, og major i Frelsesarmeen, Thorbjørn Vang, gjer seg klar for eit lite ”julestunt” på Rådhusplassen i Sauda. I bilen sin har han pakka med seg eit lite bord, ein stol, julegryta til Frelsesarmeen – og det tolv kilo tunge trekkspelet sitt. Den tradisjonelle julegateopninga med tenning av julegrana på Rådhusplassen blei avlyst i år, på grunn av korona. Nå vil Vang likevel gi saudabuen eit lite glimt av tradisjonen. Han opptrer åleine, så kan dei som vil, komma og høyra på, og samtidig forhåpentlegvis støtta armeen sin innsamlingsaksjon til dei som har det vanskeleg i julehøgtida.

– At julekonserten i kyrkja blei avlyst taper me masse pengar på. Pengar som skal gå til trengande. Derfor er det viktig å vera kreativ for å nå ut til folk, og samtidig spreia litt juleglede, forklarer Vang.

Trassa kulda

Denne laurdagen er det litt småkaldt. Vang, som i april i år blei 92 år, riggar til bord og julegryte, nokre meter framfor den store julegrana på Rådhusplassen. Han har på seg tjukke hanskar.

– Du kan vel ikkje spela trekkspel med dei på? Du kjem til å bli kald…

– Ja, men eg har då desse. Heldigvis klarte eg å leita dei fram heime. Med desse på skal det gå greitt, seier Vang, og drar fram eit ekstra par såkalla ”fingerfrie” hanskar.

Og så går han i gang med å spela julesongar og synga vers på vers med sitt karakteristiske skarpe austlandsmål.

Stor respons

Ryfylke filmar medan majoren framfører ”Glade jul”, og legg filmsnutten ut på Facebook-sida til avisa. Responsen frå nettet er stor. Utover dagen og helga strøymer det på med ”likes”, kommentarar og delingar. Dette liker folk. ”Ein bauta for Frelsesarmeen”, ”Rørande herleg”, ”Høyrer jula til dette”, ”Det blir liksom ikkje jul utan Thorbjørn”, er blant tilbakemeldingane frå folk.

Travle veker

Måndag skal Ryfylke ha ein ny prat med majoren. Det tar tid før han svarer på tekstmeldinga. Søv han frampå, kanskje? Han er jo ein slags pensjonist og kan tillata seg det… Neida. Svaret frå 92-åringen kjem etter 40 minutt. Denne dagen har han nemleg ”stand” inne i Coop-bygget. Vang blei pensjonist i 1997. Men framleis jobbar han tilnærma fulle arbeidsveker.

– Tja… Med alt før- og etterarbeid blir det nok 30 timar i veka. Men eg kjenner jo at det ikkje er like enkelt å setta fart på alt lenger. Eg ser greitt på det eine auga, og bare litt innimellom på det andre. Og eg må ta dobbeltsteg i trappene oppover. Men eg trur eg er veldig klar i hovudet. Vers og songar kan eg framleis godt utanåt, seier han smilande.

– Eg har frose mykje opp gjennom åra, vedgår han, og mimrar om då han, som ung tenåring frå Flekkefjord fekk ”kallet” og begynte soldatlivet sitt i Frelsesarmeen i Oslo i 1948. Ivrig fortel han om det givande arbeidet, om alle månadene i arbeid i Benidorm og om tida då han jobba i fengsel, som for øvrig var det mest interessante av alt.

Etter at kona døydde 2012 har han brukt stadig meir tid i Sauda, på Brekke, der han bur ilag med Ingebjørg, som han har kjent i over 40 år.

– Eg bur her meir eller mindre fast nå, ja. Me har funne ut at det er best i arbeidet vårt med å halda armeen gåande. Det fungerer, men det er vanskeleg med rekruttering, innrømmer han.

Alltid jul i Sauda

Dei siste tiåra har Thorbjørn Vang vore i Sauda i adventtida. Han er blitt godt kjend med saudabuen. Jula skal feirast på Brekke i år også, slik den har blitt gjort dei siste åtte åra på rad.

– Eg liker meg i Sauda og har det jo kjekt med alt eg er med på. Men eg aksepterer at eg ikkje er ung lenger. Far blei 93 og var også klar i hovudet heilt til det siste. Eg tenker at eg er ute på den siste vegstubben min i livet. Men det er det heldigvis ikkje opp til meg å vurdera eller bestemma over.

Han smiler. Og helsar på handlande folk som passerer.

– Men eg er langt sprekare til beins enn far min var, legg han til.

Thorbjørn Vang sin plan for adventstida er uansett å stilla opp – med julegryta – som vanleg, fast saudatradisjon.