– Vent med rutekutt til saka er skikkeleg utgreidd, og ta dei berørte kommunane med på råd, er oppmodinga til fylkespolitikarane frå «Ryfylkeaksjonen 2020».
– Vent med rutekutt til saka er skikkeleg utgreidd, og ta dei berørte kommunane med på råd, er oppmodinga til fylkespolitikarane frå «Ryfylkeaksjonen 2020». FOTO: Illustrasjonsfoto: Knut Atle M. Seim.

Mobiliserer mot båtrutekutt

Næringsforeiningar og grendeutval i heile Ryfylke oppmodar fylkespolitikarane om å venta med å kutta i rutebåttilbodet.

– Dei føreslåtte rutekutta i 2021 får bare halvårsverknad. Og det kostar tid og pengar å bryta dagens avtalar. Dropp dei føreslåtte rutekutta i 2021 og 2022 og bruk kreftene og ressursane på å greia ut framtidas kollektivtilbod i Ryfylke, seier Harald H. Løland frå Sauda Vekst, på vegner av «Ryfylkeaksjonen 2020».

«Ryfylkeaksjonen 2020» består av over 40 grendeutval og næringsforeiningar frå heile Ryfylke. Målet er i første omgang å påverka politikarane i fylkestinget til å fatta eit anna vedtak i hurtigbåtsaka enn fylkesutvalet nyleg gjorde. Initiativtakar bak aksjonen er erfjordbuen Berit Fyljesvoll Haugsland.

Løland blei invitert «med på laget» etter at han saman med Svein Ilstad og Kåre Bjarte Bjelland hadde eit lesarinnlegg der det blei mana til innsats for gode kollektivløysingar i regionen.

Ifølge Harald H. Løland er fleire av dei politiske partia på linje med Ryfylkeaksjonen.

– Me ønsker eit vedtak i tråd med forslaget frå Høgre, SV og Folkeaksjonen nei til bompenger som mellom anna inneber at det først skal gjerast endringar i samband med konkurransen om nye driftskontraktar, gjeldande frå 2023, og at det blir sett ned eit tverrpolitisk utval som skal involverast i arbeidet med forslag til ny rutestruktur, seier Løland.

Krev likeverdig tilbod

Tidlegare denne veka sende Ryfylkeaksjonen, der Harald H. Løland og Kirsten Hellerdal Fosstveit representerer «indre strok», eit brev til fylkespolitikarane med krav om eit kollektivtilbod i Ryfylke på lik linje med resten av Rogaland.

– Vårt krav om gode hurtigbåtruter er for at me alle skal ha stabile forhold for arbeid, rekreasjon, turisme og utdanning, blir det poengtert i brevet.

Harald H. Løland opplyser at nytt anbod vil bli sendt ut sommaren 2021. Arbeidet med ny rutestruktur må vera i mål før det; det byrjar med andre ord å hasta.

– Dei føreslåtte kutta rammar ikkje Indre Ryfylke så hardt. Me vel likevel å involvera oss nå, med ein «ein for alle, alle for ein»-filosofi, forklarer han, og legg til at summane det er snakk om å finna dekning for i åra 2021 og 2022, 14 millionar kroner dersom det var heilårsverknad for alle kutta, bør kunna finnast i eit budsjett på halvannan milliard kroner.

Løland lar seg provosera når han ser at Kolumbus skryt over meir enn 3 000 nye bussavgangar på Nord-Jæren, samtidig som det ligg an til kutt i hurtigbåtrutene.

– Det er så skeivt som det går an…, slår han fast.