Rektor Ingvild Luteberget Nesheim og Vinterlandbruksskulen skal undervise i Sauda neste år.
Rektor Ingvild Luteberget Nesheim og Vinterlandbruksskulen skal undervise i Sauda neste år. FOTO: Andreas Isaksen.

Vinterlandbruksskulen kjem til Sauda

Kvart år utdannar Vinterlandsbruksskulen i Ryfylke nye agronomar. Til neste år kjem skulen til Sauda. Det er første gong på tolv år.

– Vi opplever eit heilt spesielt klassemiljø, og mange av dei som utdannar seg hos oss endar opp med å få både utdanning og gode kontaktar og vener i næringa, seier Ingvild Luteberget Nesheim.

Nesheim er gardsbrukar og rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Skulen er drive som ein stiftelse, og blir drive i fellesskap av alle kommunane i Ryfylke. Ettersom skulen er ambulerande, utdannar den sine nye agronomar i ulike delar av regionen frå år til år.

– Agronom er profesjonsutdanninga til ein bonde. Vi har ei praktisk tilnærming til faga som inngår i studieopplegget, og er innom både miljø, økonomi, stell av dyr og plantar, samt naturforvaltning. Undervisninga er lagt opp som førelesningar og som praktisk arbeid på gardane til elevane, fortel Nesheim.

Tid til arbeid

Rektoren er i sitt første år i jobben, men har lang erfaring innan landbruk, både som rådgivar og bonde. På garden sin i Vats driv ho, saman med mannen sin, med ammekyr. Ho trur behovet for landsbruksskule i Ryfylke er stort, og trur både ferske bønder og andre med interesse for faget vil ha utbytte av utdanninga.

–  Vi ser at mange tek over småbruk og gardar, og det å få ei formell utdanning i faget er eit ønske hos mange. Å ta utdanninga hos oss er også meint å gi tid til å drive med gard utanom, eller å ha ein annan jobb ved sida av, forklarar ho.

Vinterlandbruksskulen har eit eittårig løp, og er lagt opp med både ettermiddagsøkter og ein laurdag i månaden med undervisning. Ein del av undervisninga blir gjort på ulike garder, både elevanes eigne og andre.

Opptakskravet på Vinterlandbruksskulen er enten fullført vidaregåande skule eller tilsvarande realkompetanse. Skulen tar imot søknadar ut februar månad, og har eit krav om å få ti elevar for å starta opp.

Til utlandet

Nesheim beskriv studiemiljøet som seriøst, men også sosialt. Den eldste eleven i årets kull er 65 år gamal. Snittalderen er 31 år. Agronomutdanninga er ikkje for dei aller mest sarte sjelene. Elevane skal gjennom ein mengde kurs, som slaktekurs, insemineringskurs, rottegiftkurs og plantevernkurs.

– Vi har ei praktisk tilnærming til dei aller fleste områda i undervisninga, og for å arbeide som agronom er det mykje fysisk arbeid, og mange spesielle oppgåver å bli vane til. Våre elevar har jo ulike felt dei interesserer seg ekstra mykje for, eller som dei alt driv med på gardane. Då tilpassar vi fokusområda våre etter elevanes ønsker, fortel ho.

I løpet av skuleåret får elevane mulegheit til ein del reising, også til utlandet.

– Elevane får i stor grad velge sjølv kor dei vil reise. Vi brukar å besøke gardar både i Norge og i andre land i Europa. Dette er for å skaffa seg eit større perspektiv på landbruket. Dette er eit yrke der man aldri blir utlært, seier Nesheim.

Tolv år sidan sist

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke var opprinneleg ei underavdeling av Vinterlandbruksskulen på Jæren, men blei eigen skule i 1980. Ordet ”vinter” kjem frå at skulen tradisjonelt heldt undervisninga til månadene mellom september og april, då dette er dei roligaste månadane på gardane. Nå er dette forandra til eit heilårsopplegg, men namnet har bestått.

Rektor Nesheim fortel at skulen dei seinaste to åra har hatt tilhald i Vindafjord. Kommunane Suldal og Sauda er med i same region, og det er bare Sauda kommune som ikkje har hatt skulen dei seinaste tolv åra.

– Ein må ikkje ha eigen gard for å ta utdanninga hos oss. Dette er eit givande opplegg også for dei som bare har ei interesse for faget. Kanskje også for dei som vurderer å skaffa seg eit småbruk eller gard? avsluttar ho.