Sauda bryr seg

Saudasamfunnet har ved fleire høve vist imponerande evne til å løysa utfordringar gjennom samarbeid. Sauda Røde Kors fekk nyleg erfara at viljen til å bidra til eit betre lokalsamfunn lever i beste velgåande. Då dei for nokre veker sidan inviterte saudabuen til å vera med og spleisa på hjartekompresjonsmaskinar til ambulansen, gjekk det bare to dagar før aksjonen var i mål.

Førjulsaksjonen til Røde Kors handla om å skaffa til vege 160 000 kroner for å kunna utstyra saudaambulansen med livsviktig utstyr. Draumen var å kjøpa to maskinar, slik at også andre naudetatar kunne ha ein slik tilgjengeleg. Summen i seg sjølv er gjerne ikkje så stor. Likevel er det imponerande å sjå givarviljen til innbyggarane, med Leif Moe i spissen, som hiv seg rundt og legg dei nødvendige kronene på bordet.

«handlar til sjuande og sist om å gjera Sauda til ein betre stad»

Sjølv om denne innsamlinga handlar om eit mindre beløp, kan det trekkast parallellar til finansieringa av Folkets Hus, utebadeanlegget og gondolprosjektet i Svandal. Utan engasjementet frå bedrifter, interesseorganisasjonar og privatpersonar, ville slike investeringar sete langt inne, om dei i det heile tatt hadde blitt noko av. Alle desse prosjekta handlar til sjuande og sist om å gjera Sauda til ein betre stad å leva.

Sauda har aldri hatt «rike onklar» eller «tanter» som har delt rikdommen med lokalsamfunnet, slike som skipsreiaren Knut Knutsen OAS som i 1921 gav Haugesund èin million kroner til å bygga rådhus for. Eller forretningsmannen og bergensaren Trond Mohn, som i fjor gav bort 812 millionar kroner til gode formål. Når det er nemnt, skal ein sjølvsagt ikkje gløyma «pengebingen» Sparebankstiftelsen Sauda, som er med og «gjødslar» den lokale samfunnsbygginga på ein framifrå måte.

«har ved fleire høve vist imponerande evne til å løysa utfordringar gjennom samarbeid»

Det høyrest sjølvsagt både enkelt og forlokkande dersom ein kunne få finansiert utviklingsprosjekt gjennom milde gåver. Spesielt når ein veit kor mykje arbeid det ofte ligg bak realiseringa av prosjekta. Samtidig skal ein ikkje undervurdera verdien av å skapa eigarskap til prosjekta. Når fleire tital saudabuar har lagt ned ein solid dugnadsinnsats på Folkets Hus, og endå langt fleire har kjøpt aksjar i det ideelle selskapet, gjer dette noko med den enkelte sitt forhold til kulturhuset. Det er mange som heiar på Folkets Hus, som ønsker at Sauda skal lukkast med å ha eit levande kulturhus og som derfor bruker huset meir enn ein elles ville gjort.

Evnen og viljen til å bygga og utvikla samfunnet gjennom samarbeid og fellesskap har stor verdi og er ein unik kvalitet for eit lokalsamfunn. Denne kvaliteten har Sauda, og det kan saudabuen både vera glade for og stolte av.