Vinteren er på veg og for dei ivrigaste er skisesongen alt i gang. Dette bildet av Bjørn Åge Dybdal-Holthe er tatt ved soloppgang mellom Nedre Sandvatn og Istjødnå laurdag 28. november.
Vinteren er på veg og for dei ivrigaste er skisesongen alt i gang. Dette bildet av Bjørn Åge Dybdal-Holthe er tatt ved soloppgang mellom Nedre Sandvatn og Istjødnå laurdag 28. november. FOTO: Åge R. Midthun.

Femte varmaste november sidan 1928

Men skisesongen er alt godt i gang for dei ivrigaste.

Snøen var på besøk nokre timar og temperaturen var nedom på minussida tre gongar. Dette til trass, november 2020 gjekk over i historia som ein av dei mildaste førjulsmånadene sidan dei offisielle temperaturmålingane tok til i 1928. Månadstemperaturen enda på 5,9 grader, 3,7 grader over normalen og det femte varmaste som er målt i Sauda ein novembermånad. År 2000 toppar lista med månadstemperatur på 7,0 grader.

Maksimumstemperaturen som blei målt var 16,2 grader, målt 15. november. Også dette gir ein femteplass på lista, der den varmaste novemberdagen skriv seg frå månadens første dag i 2005 då kvikksølvet klatra heilt til 17,4 varmegrader.

Den kaldaste dagen var laurdag 28. november med ein minimumstemperatur på -3,8 grader. Den lokale kulderekorden denne månaden blei målt 30. november 1979 og lyder på -15,5 grader.

Skiføre – trass alt

Sjølv om Kong Vinter så langt stort sett har glimra med sitt fråvere, er det meldt om skiføre og gode forhold bare ein kjem høgt nok.

På veg opp mot den Søre Tinden, som ligg 1 584 meter over havet, kunne Åge R. Midthun sist helg melda om «silkeføre heilt frå fylkesvegen og til topps».

– Det hadde vore mildt heilt til topps, og så hadde dette frose igjen. Det gav ein 20-30 centimeter knallhard base som det igjen hadde lagt seg snødryss oppå, fortel han.

Sidan då har det falle meir snø i fjellet.

– Opplysningar om føreforholda er ferskvare. Og det er viktig at alle som legg ut på tur gjer eigne vurderingar, mellom anna om potensiell skredfare. Her finst det oppdatert, nyttig informasjon på nettsida varsom.no, opplyser Åge R. Midthun.

Helga før, då det kom dryssande litt av det kvite, kalde også i låglandet, fekk for øvrig Ryfylke tilsendt sesongens første snømann-bilder.

Vått, men ikkje ekstremt

I løpet av november fall det 384,2 millimeter nedbør i Sauda, 146 prosent av normalen. Månaden var generelt våt på vår kant av landet, der enkelte målestasjonar fekk frå 200 og opp mot 300 prosent av normal månadsnedbør. Målestasjonen i Basura, Etne kommune, fekk som landets våtaste heile 750 millimeter nedbør. Denne stasjonen er så fersk at det ikkje finst nokon normal ennå.