Berekraftig verdiskaping i distrikta – det handlar om Norge

Det er gledeleg å sjå at Mimir Kristjànsson sitt debattinnlegg i Klassekampen fredag 4. desember, «Når staten drar», spelar opp til det som i tida framover ganske sikkert vil bli ein større debatt om distrikta si utvikling i Norge.

Kristjànsson skildrar distriktsutfordringa ved å sjå til Sauda, men me er slett ikkje åleine her. Dette handlar om lokalsamfunn i heile Norge som har meir å gi på vegen mot ei framtid som krev berekraftig verdiskaping.

Fredag overleverte Victor Norman utgreiinga om konsekvensar av demografiutfordringar i distrikta, medan leiar for Distriktsnæringsutvalet, Svein Richard Brandtzæg, tidlegare i haust presenterte utvalsrapporten om næringslivet si betydning for levande og berekraftige lokalsamfunn. I tillegg vil Ungdommens distriktspanel levera ein rapport til våren.

Desse rapportane vil til saman utgjera eit solid kunnskapsgrunnlag som fortener stor merksemd både lokalt, regionalt og sentralt fram mot valet i 2021. Slik me ser det peikar alle desse rapportane på at det må utviklast ny og heilskapleg politikk som knyt saman viktige område som til dømes distrikt, kompetanse, velferd, samferdsle, energi og klima – noko me ønsker velkommen.

Robuste industrisamfunn er kjenneteikna av god tilgang på kompetanse, varierte arbeids-, bu- og servicetilbod, eit omstillingsdyktig næringsliv og eit likeverdig og stabilt velferdstilbod.

Det å vidareutvikla robuste industrisamfunn krev planmessig handling. Demografiutvalet understrekar at lokalsamfunna treng å mobilisera, vera kreative og utvikla særprega sine for å vera levedyktige i framtida. Det er me samde i. Me må bygga framtida på dei fortrinna me har, sidan det er tungt å skapa nye, og dette arbeidet må skje i samspel mellom næringsliv, lokalsamfunn, fylka og staten.

Distriktsnæringsutvalet skriv i sin rapport at verdiskapinga i distrikta har hatt sterk vekst dei siste åra og at produktiviteten i næringslivet nå er høgast i dei minst sentrale kommunane. Politisk er det ofte kjøtvekta som tel, og som velgarmasse utgjer distrikta ein stadig mindre andel. Ei politisk slagside mot folkerike område gjer det vanskelegare å få økonomiske løyvingar til tilbod og utvikling i distrikta. Til dømes har Sauda i lang tid jobba for ei infrastrukturløysing tilpassa framtida; ein ny fylkesveg til E134 – Saudatunnellen. Prosjektet er energisparande, vil auka tryggleiken og ta ned reisetida til og frå omverda. Vegen var del av eit stortingsvedtak i 2001 (Ryfylkepakken) og er ifølge Statens Vegvesen sine modellar samfunnsøkonomisk lønsam. Likevel er vegen endå ikkje politisk prioritert.

Sauda og lokalsamfunn i heile Norge har meir å gi i ei framtid som krev berekraftig verdiskaping. Det trengs vilje til ein ny politikk som vektlegg mobilisering, nytenking og heilskap. Som Victor Norman og demografiutvalet seier det: Det handlar om Norge.