– Veldig kjekt å få så god hjelp, seier snart avtroppande biblioteksjef Ingunn Kalvik.
Tysdag tok ho imot 15 ungar frå førskulegruppa i Rustå barnehage, barnehagen som i år har tatt på seg oppdraget med å julepynta biblioteket til adventstida. Alle avdelingane i barnehagen har bidratt i arbeidet med å laga julepynt.
Det flotte tre-juletreet like ved inngangen til biblioteket har Vidar Rønhovde, saman med fleire tilsette i barnehagen, hjelpt barna med å laga.