Me har det ikkje så verst – likevel

Tidlegare i haust inviterte fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet rogalendingar til å fortella korleis dei opplever kvardagen. Meir enn 35 000 personar svara på undersøkinga, som avdekka at nær åtte av ti innbyggarar er fornøgde med tilværet. Og saudabuen er blant dei aller mest fornøgde. I alle fall om dei 513 personane busett i Sauda som har valt å svara på undersøkinga er representative for heile befolkninga.

«saudabuen er blant dei aller mest fornøgde»

Folkehelseundersøkinga, som er den største som nokon gong er gjennomført i Rogaland, gir mykje god og interessant kunnskap om korleis rogalendingane har det. Det går mellom anna fram at nesten ti prosent av innbyggarane i fylket er plaga av einsemd. Medan ein ofte les om uro for at eldre er mykje einsame, kjem det fram at dette problemet er tre-fire gonger større hos unge vaksne enn hos dei over 60 år. Også samla sett viser det seg at dei unge vaksne har dei største utfordringane.

Drygt 12 prosent av dei som svara på undersøkinga har eit høgt nivå av psykiske plager. Det vil seia at meir enn 45 000 rogalendingar opplever å ha utfordringar med den mentale helsa si. Viss Sauda er ein gjennomsnittleg kommune på dette feltet, slit over 500 saudabuar med den psykiske helsa. Konkret kunnskap om utbreiing av einsemd og psykiske problem er viktig informasjon til styresmaktene med omsyn til prioritering av innsatsområde innan arbeidet med folkehelse.

Me har det ikkje så verst – likevel

I undersøkinga kjem det fram at ryfylkingar generelt er meir fornøgde med tilværet enn den jamne rogalending. Og saudabuane er med på å dra gjennomsnittet for regionen opp. 81 prosent av dei frå Sauda som har deltatt er fornøgde med korleis dei har det. Og ikkje bare det: Me som bur her inst i fjorden er dei minst einsame i fylket. Me søv best. Og me er dei som stolar aller mest på naboane våre. 91 prosent av saudabuane føler seg trygge eller svært trygge i nærmiljøet sitt.

Dei aller fleste ville nok funne noko å setta fingeren på dersom dei blei utfordra på ting som kunne vore betre i Sauda. Likevel viser undersøkinga tydeleg at dei fleste saudabuar i det store og heile synest det er trygt og godt å bu her i kommunen. Slikt må det vera lov å skryta av når ein skal prøva å rekruttera nye innbyggarar.