Vel blåst dugnad – så langt

2020 er i ferd med å gå over i historiebøkene. Det er liten tvil om kva året vil bli huska for. I kampen mot koronaviruset har styresmaktene innført dei mest inngripande tiltaka den norske befolkninga har opplevd i fredstid.

Alle pålegga og avgrensingane har ført til store utfordringar for heile samfunnet. Næringslivet har måtta ty til permitteringar og oppseiingar grunna omsetningssvikt. Mange har måtta arbeida frå heimekontor og med det mista mykje sosial omgang med andre menneske. Lag og organisasjonar har måtta halda ein låg profil og avlyst arrangement over ein låg sko. Sals- og servicenæringa har måtta ta ekstrajobben med å få på plass handsprit og andre smitteverntiltak for seg sjølv og kundane.

«Situasjonen kunne fort ha vore mykje verre»

Tilsette i det offentlege tenesteapparatet har vore ei litt gløymt gruppe i soga om koronakonsekvensar. Innsatsen på mange offentlege arenaer i Sauda fortener absolutt merksemd. Det gjeld tilsette ved legekontoret, som i snart ni månader har stått i første linje i kampen mot spreiing av koronaviruset. Det gjeld tilsette ved institusjonar og bufellesskap, som på toppen av ein alt hektisk kvardag har fått nye, strenge hygienekrav å halda seg til. Det gjeld tilsette i skular og barnehagar som sidan gjenopninga i april og mai har måtte halda sterkt fokus på smittevern. Og det gjeld andre i publikumsretta verksemd.

«Sauda har til nå vore ein suksesshistorie»

Sauda har til nå vore ein suksesshistorie når det kjem til å halda koronaviruset i sjakk. Så langt har talet på stadfesta smittetilfelle vore få, og arbeidet med å isolera desse og hindra spreiing av smitte har vore svært vellukka. Situasjonen kunne fort ha vore mykje verre, ein treng ikkje reisa langt av stad for å finna kommunar som har hatt heilt andre utfordringar som følge av pandemien.

Det kan alltid diskuterast om smitteverntiltaka lokalt og nasjonalt har vore sterke nok, om dei har kome til rett tid eller om dei har vore for omfattande. Låge, lokale smittetal seier tydelege at mykje har blitt gjort rett her inst i fjorden. Situasjonen i dag kjem mellom anna som ein følge av at dei mange som arbeider med ungar og eldre har stått røkken i ei krevjande tid, at næringsliv, lag og organisasjonar har retta seg etter pålegg og tilrådingar og at den jamne saudabu har innsett alvoret og gjort som styresmaktene har sagt. Det fortener saudabuen ei klapp på skuldra for.

Så får me alle bretta opp ermane og stå løpet ut. Det blir bra til slutt. God jul!