Førstegangstenesta har gitt 20 år gamle Daniel Fatnes opplevingar av det heilt spesielle slaget, med Kystvaktfartøyet Svalbard på tokt i Arktis.
Førstegangstenesta har gitt 20 år gamle Daniel Fatnes opplevingar av det heilt spesielle slaget, med Kystvaktfartøyet Svalbard på tokt i Arktis. FOTO: Kystvakta.

Frå Sauda til Polhavet

Daniel Fatnes (20) hadde aldri sett føre seg å få reise til Alaska i førstegongstenesta. No er han komen heim etter nesten to månadar i pol-isen.

Til vanleg tenestegjer Daniel som presse-og informasjonssoldat, og har kontor på Haakonsvern. Ein stor del av tenesta har likevel gått føre seg utanfor kontorets fire veggar.

– Det er ei svært variert teneste. Ei av våre viktigaste oppgåver er å dokumentere aktiviteten til Sjøforsvaret. Då nyttar det ikkje å sitte inne på kontoret, fortel tjueåringen.

Han har hatt denne tenesta sidan i sommar, då han var ferdig med rekruttskulen. I løpet av dei siste månadene har han reist og opplevd mykje: Frå Kystejegerkommandoen i nord, til seglas på austlandet med Kystvakta. Det er likevel ei oppleving som skil seg ut som den beste, nemleg toktet han nettopp har kome heim frå.

Noko han aldri hadde forventa

– Kva tenkte du då du fekk høyre om oppdraget?

– Eg hadde aldri sett føre meg at eg skulle få reise til Alaska og spele fotball på pol-isen i førstegongstenesta, utbryt Daniel.

Tidleg i haust fekk han beskjeden av befalet sitt: Han var vald ut til å dekkje operasjonen KV Svalbard skulle gjennomføre i Polhavet. Isbrytaren skulle støtte med å hente opp forskingsriggar, skjult 3000 meter under pol-isen.

– Me henta opp riggar med informasjon om korleis temperaturen i Polhavet har endra seg samanlikna med liknande målingar gjort på 1990-talet, fortel tjueåringen frå Sauda.

I starten av oktober sette han, besetninga på KV Svalbard og forskarar frå Norge, USA og Polen kursen mot Beauforthavet utanfor Alaska. Dei var førebudde på kva som venta dei, men likevel spente på å arbeide i eit hardt og kaldt klima, der Kystvakta aldri har operert tidlegare.

Oppleving for livet

Toktet med isbrytaren KV Svalbard blir noko Daniel kjem til å hugse resten av livet.

– Det er artig å tenkje på at me reiste i fotspora til kjente polfararar som Nansen og Amundsen. Me segla den transpolare sjøruta, det har inga anna norsk militær besetning gjort før oss. I tillegg var me på det nordlegaste 84 grader nord i løpet av turen, noko som er ganske kult å få oppleve, fortel tjueåringen frå Sauda.

Å vere så langt nord baud også på utfordringar, spesielt sidan jobben hans var å dokumentere operasjonen.

Daniel Fattnes og KV Svalbard var på tokt heilt opp til 84. breiddegrad, der dei henta opp forskingsriggar frå 3000 meter under pol-isen. FOTO: Daniel Fatnes / Sjøforsvaret

– Fotografering i 40 minusgrader er ikkje akkurat optimalt. Det var viktig at eg var påpasseleg med å ha på kuldekrem og godt med klede, for å unngå kuldeskadar. I tillegg måtte eg byte batteria i kameraet ofte, seier Daniel.

Trass utfordringane, var resultatet absolutt verdt det. Til vanleg dokumenterer tjueåringen primært for Sjøforsvaret sine eigne plattformer, men dette forskingstoktet var spektakulært nok til å få riksdekkande merksemd.

– Det var veldig gøy å sjå Arill Riise presentere bileta og klippa eg har filma i beste sendetid i 21-nyheitene, fortel han.

I løpet av toktet har han filma og dokumentert for både TV2 og NRK, i tillegg til å produsere innhald for Sjøforsvaret. Dette har gitt han fine erfaringar å ta med seg vidare.

Vegen vidare

I april neste år er Fatnes ferdig med førstegongstenesta. Kvar vegen går vidare er han enda ikkje heilt sikker på, men at han vil halde fram innanfor media – det er han fast bestemt på.

– Alt før førstegongstenesta som presse- og informasjonssoldat, hadde eg bestemt meg for å studere fjernsyn- og multimedieproduksjon. No er eg litt usikker på om det blir akkurat det studiet, men eg veit at det er innanfor film og media eg vil jobbe, fortel tjueåringen.

Toktet med KV Svalbard var også innom Svalbard, der det blei høve til å ta seg ein fjelltur. FOTO: Daniel Fatnes

Daniel er takksam for å få arbeide med hobbyen sin samtidig som han fullfører førstegongstenesta.

– Eg vil seie at det er unikt å ha ei stilling som førebur deg så godt på vidare jobb. Som presse- og informasjonssoldat får du ikkje berre oppleve mykje, du får og utvikle deg og lære mykje om noko du interesserar deg for, fortel han.

Heim til jul

Etter nesten to månadar i pol-isen, reiste besetninga på KV Svalbard heim på permisjon. Daniel, på den andre sida, reiste tilbake til kontoret på Haakonsvern.

– Det var godt å koma tilbake til venene mine og kontoret i Bergen, men det var og veldig uvant. Blant anna fordi det var så stille. På vegen gjennom isen til Alaska bråka det på lugaren heile tida, så det var rart å sove utan å høyre på isbryting, fortel Daniel.

Etter mykje arbeid dei siste månadane, gleder tjueåringen seg til å kome heim til jul.

– Det blir bra å feire jul med familien. Eg gleder meg til å kome heim til Sauda igjen, og forhåpentlegvis få tatt meg ein skitur, avsluttar tjueåringen med eit smil.