Olaug Saua er utdanna ved Naprapathøyskolen i Stockholm. Ein stokk er eit godt hjelpemiddel for å strekka ut armar og rygg.
Olaug Saua er utdanna ved Naprapathøyskolen i Stockholm. Ein stokk er eit godt hjelpemiddel for å strekka ut armar og rygg. FOTO: Ingvil Bakka.

Naprapatar får autorisasjon:

– Endeleg ei ekte anerkjenning av yrket mitt

Først etter 40 år med smikkfulle timelister blir naprapat Olaug Saua (67) omsider offentleg godkjent som helsepersonell.

– Eg skal iallfall ikkje slutta nå. Det er jo nå det begynner å bli ekstra spennande her. Endeleg kan også me naprapatar kalla oss helsepersonell i ”AS Norge”, seier Olaug Saua.

Viktig milepæl

1. desember i år var ein merkedag for Olaug Saua og hennar norske kollegaer innan naprapat-yrket. Då blei nemleg Framstegspartiet og regjeringa einige om at naprapatar og osteopatar skal autoriserast. Dette betyr at dei vil bli omfatta av dei pliktene og rettigheitene som ligg i helsepersonell-lova. Naprapatar har vore ei autorisert yrkesgruppe i nabolanda våre, Sverige og Finland, heilt sidan 1994.

Har møtt fordommar

At yrket hennar nå får autorisasjon, som er ei offentleg godkjenning, betyr mykje for Olaug Saua. Sjølv om ho har hatt fulle timelister og ikkje har mangla arbeid opp gjennom åra, har ho fått kjenna på fordommar og skepsis mot henne som helsefagleg behandlar.

– Folk har spurt meg om kva gud eg trur på eller kva andeverd eg tilber. Andre har insinuert at det er noko ”hokus-pokus”-greier eg driv med. Det har vore ganske frustrerande å møta slik skepsis, seier ho.

Utdanna seg i Sverige

Olaug Saua er født og oppvaksen i Sauda. Etter gymnaset gjekk ho først eitt år på idrettshøgskule i Veile i Danmark. Det var her ho fekk høyra om kiropraktoryrket, som ho først begynte å interessera seg for. Men kiropraktorutdanninga var dyr, og Saua våga ikkje spør foreldra om pengestøtte. Derfor tok ho seg heller lærarjobb på Andøya. I eit bryllaup heime i Sauda, tidleg på 1970-talet, dukka tilfeldigvis temaet kiropraktor opp igjen.

– Ein mann sa til meg: ”Du Olaug, som er så opptatt av kiropraktor-yrket. Veit du at det fins ei parallell-utdanning til kiropraktor-yrket, ei naprapat-utdanning, i Stockholm? Det er noko for deg”, sa han, fortel Saua.

Og slik blei det. Etter eitt år som reiseleiar på Mallorca, takka Olaug Saua ja til studieplassen i Stockholm. Ho, som då var i midten av 20-åra, reiste til Sverige og tok fatt på det som blei ei fem år lang naprapat-utdanning. Rett nok nokre månader lenger enn planlagt som følge av at ho fekk hjernehinnebetennelse under studiane.

Etter endt utdanning våren 1980 reiste ho til Spania og jobba som naprapat der i eit par år.

Til Sauda i 1984

I 1984 flytta ho heim igjen til Sauda og starta opp praksis. I løpet av dei 36 åra som er gått har ho tatt imot pasientar både i Sauda, i Suldal og på Stord. I tillegg har ho ein periode også hatt timar i Ølen. I dag jobbar ho lange dagar i Sauda fredag og måndag, medan ho jobbar lange dagar ved ”Klinikk for alle” i Sandnes tysdag, onsdag og torsdag.

– I mesteparten av yrkeslivet mitt har eg hatt 14-15 arbeidstimar per dag. Det er først dei siste åtte-ti åra eg ”bare” har jobba rundt åtte timar til dagen, seier ho, som blei 67 år i juni i år.

Då Ryfylke besøkte henne i kontorlokala i kjellaretasjen i heimen i Saudasjøen, har ho nok ein travel arbeidsdag framfor seg. Tolv pasientar har time denne dagen.

Saua fortel at pasientane hennar er i alle aldrar, og har ulik form for ”vondtar” i kroppen.

– Alle smerter har årsak

Saua forklarer vidare at ein naprapat driv med såkalla ”heilskapsterapi”, der ein ser alle delar av kroppen som ein heilskap. Der vondt ein plass, kan ha utgangspunkt ein heilt anna stad i kroppen, og der ein må sjå på årsakene til smertene, ikkje bare behandla det som gjer vondt.

– Me ”reset” kroppen, og bidrar til å starta prosessar for at ting skal bli betre. Det kan både vera gjennom massasje eller andre formar for fysikalsk behandling, men også ulike treningsøvingar, pusteteknikkar og gjennom rett ernæring, forklarer ho.

Sjølv om ho har pasientar i alle aldrar, er det ei overvekt av folk i 40-50-årsalderen.

– Då har ein jobba lenge i eit yrke, ein har stressa og har hatt høge skuldrar gjennom eit liv gjerne fylt med travel jobb, små barn, huslån og ulike bekymringar. Livet vårt og måten me lever det på, påverkar kroppen vår, påpeiker ho.

Står på vidare

Sjølv er Olaug Saua, som 67-åring, frisk som ein fisk, og lett på foten. Nå, like før jul, har ho, for første gong i livet sitt, vore gjennom ein operasjon, ein brokkoperasjon. Det gjer at ho tar ein ekstra lang juleferie nå, på tre veker.

– Eg har også hatt mine ”vondtar” i kroppen opp gjennom livet. Men eg er flink til å førebygga og trena og gjera øvelsar som gjer godt, forklarer ho.

Og, når som fagutdanninga hennar og yrket hennar omsider får autorisasjon, ser ho fram til endå fleire år i yrket.

– Eg vil iallfall halda på til eg blir 70. Eg stortrivst i jobben min. Skulle eg gitt meg nå, hadde eg blitt sprø og kjeda meg i hel. Eg er ikkje noko typisk ”sitta i ein stol og strikka”-bestemor, smiler ho.

Naprapati:

* Ordet naprapati betyr å korrigera årsak til lidelse.

* Naprapati har i fleire år vore blant dei mest brukte alternative behandlingane i Norge.

* Naprapati blei utvikla av det amerikanske kiropraktikaren Oakley Smith på begynnelsen av 1900-talet. Naprapathøgskolan i Stockholm blei etablert i 1970.

* Det blir lagt stor vekt på å analysera og førebygga underliggande årsaker til nevro-muskulære lidelsar og smerter.

* Behandlinga handlar i første omgang om å gjenskapa normal funksjon i muskel- og skjelettsystemet.

* Ein naprapat nyttar ulike teknikkar som ”grep”, ”knekking”, tøying, trykking, massasje og knaing på musklar, ledd og bindevev.

* Dei fleste naprapatar nyttar fysikalske teknikkar for å påverka kroppens ledd, musklar og bindevev, ofte i kombinasjon med øvelsar og rettleiing innan trening og eigenbehandling.

* Utdanninga er i dag på fire år.

Naprapat Olaug Saua driv med:

Naprapati:

* Tar utgangspunkt i nevrologi, og funksjonen den har på musklar og ledd.

* Handlar om kosthaldsrettleiing, blodtypeanalyse, homotoxologi, fransk øyreakupunktur og treningsrettleiing.

Manuellterapi:

* Behandlar isjias, whip-lash, falsk (muskulært) hjartesymptom, matintoleranse og ubalansar i systemet.

* Jobbar tre dagar i veka ved Klinikk for alle i Sandnes. Klinikken tilbyr: Kiropraktor, fysioterapeut, naprapat, massør, traksjonsbehandling, såletilpassing, slyngetrening, trykkbølgebehandling og kinesiotaping.