Mykje godt – og mykje å gå på

2020 er på veg over i historia og 2021 ligg foran oss med blanke ark.

Året som har gått vil nok mest av alt bli huska for eit virus og om utfordringane som følge av dette. Med vaksiner på veg, og med det vonleg slutten på ei krevjande tid, er det på sin plass med eit tilbakeblikk på året som har gått.

Fram til utgangen av september gjekk innbyggartalet i Sauda ned med 32 personar. Trass stort lokalt fokus på å legga til rette for nyetablering av arbeidsplassar og generell attraktivitetsbygging, synest talet på saudabuar å halda fram med å gå nedover. Ved årtusenskiftet talde kommunen 5 071 innbyggarar, mot 4 563 nå. Folketal og arbeidsplassar heng naturleg saman. Utan fast fisk på kroken i jakta på større nyetableringar, kjem heller ingen flyttestraum til kommunen. Fasiten for 2020 seier at Sauda heller ikkje dette året lukkast med å snu spiralen.

«Det kjem til å gjera vondt å få skuta på rett kjøl att»

Sauda har heller ikkje lukkast når det kjem til kommuneøkonomi. Sjølv med gode kraftinntekter har ikkje dei lokale styresmaktene klart å etablera ei berekraftig drift, noko 2021-budsjettet fortel i klartekst. Det kjem til å gjera vondt å få skuta på rett kjøl att, men mulegheitene bør absolutt vera til stades for å klara det.

«Hytteutbygginga må kunna reknast som ei suksesshistorie»

Trass folketal, arbeidsplassar og kommunebudsjett på minussida, er ikkje situasjonen heilsvart. 2020 var også året då Sauda fekk ny kommuneplan. Det er varsla oppstart av fleire bustad- og hyttefelt i tida som kjem. Hytteutbygginga må kunna reknast som ei suksesshistorie for Sauda. Sidan årtusenskiftet er det bygt 440 nye fritidsbustader i kommunen. Det gir mange nye deltidsinnbyggarar, som er flinke til å bruka det lokale næringslivet. Og apropos næringsliv. Om det ikkje kjem til mange nye bedrifter, viser rekneskapstal at ei rekke av dei i lokal målestokk store bedriftene går svært godt og framstår som solide, gode arbeidsplassar. Det same gjer smelteverket.

Det siste året har vist at dugnadsanda lever, denne gongen også i form av felles innsats for å redusera koronasmitte. Og næringsliv og privatpersonar stiller velvillig opp for å utvikla reiselivsdestinasjonen Sauda med gondolbane. Ei nyleg gjennomført undersøking viser dessutan at saudafolk både er blant dei som har mest tillit til kvarandre og kjenner seg tryggast av rogalendingane. Og me er generelt ganske så fornøgde med tilværet.

Ekstra hyggeleg er det å sjå at trenden med at det startar klart fleire elevar i første klasse enn fødselstalet for årskullet skulle tilseia. Å klara å tiltrekka seg barnefamiliar er eit godt steg på vegen mot lysare tider.