Ordføraren si nyttårshelsing i Sauda kyrkje, 1. januar 2021.

Godt nytt år, Sauda!

Året 2020 starta tøft med lite snø, og ein vanskeleg start på vintersesongen for reiselivet i Sauda. Lite visste me då at verre skulle det bli.

Snøen og drøymeforhalda i skibakken kom, men det gjorde òg koronapandemien. Sauda hadde tidleg, allereie 8. mars, påvist smitte i kommunen og måtte iverksetta eigne tiltak. Me sette smitta i isolasjon, nærkontaktar i karantene og sendte alle elevar ved ungdomskulen heim. Smitten i Sauda blei halde nede og me fekk ikkje noko stort utbrot. Det gjorde at når Norge stengte ned, var Sauda førebudd. Men det var inngripande tiltak som kom frå regjeringa. Sauda valde òg i ein tidleg fase å ha eigne karantenereglar til me fekk kontroll og kapasitet på legekontor og helseinstitusjonar til å takla eit smitteutbrot.

Eg er utruleg imponert over den innsatsen og arbeidsviljen me såg innanfor alle dei kommunale tenestene i denne perioden

Nedstenginga råka sjølvsagt reiselivsbransjen hardt. Skisenteret, der bakkane låg nypreparerte og innbydande, vart stengt. Landet hadde nasjonalt hytteforbod, og me kunne ikkje ønska alle dei gode hyttegjestene velkomne. Det vart innført heimeskule og digital undervisning på svært kort tid. Eg er utruleg imponert over den innsatsen og arbeidsviljen me såg innanfor alle dei kommunale tenestene i denne perioden. Heldigvis vart skulekvardagen meir normalisert inn mot sommaren, og barna fekk endeleg sjå kvarandre igjen. Og ungane våre er flinke til å ta til seg nye rutinar. Handvask, kohortar og reinhaldsrutinar er den nye kvardagen.

Det er likevel innan helse og omsorg me har sett størst innsats over lang tid. Det er område og enkeltpersonar som har jobba langt over det ein kan forventa i heile 2020. Det er ingen tvil om at Sauda kommune har mykje flinke folk.

Pandemien skulle komma til å prega heile året 2020, og kanskje òg 2021? Og det er nok det at dette varer og varer som er mest slitande på oss. Det er ikkje kjekt å halda avstand, berre reisa når det er strengt nødvendig, avgrensa antal gjester i bryllaup og gravferder, ikkje å få treffa dei du er glade i. For mange var det kanskje ei reise eller ein ferie ein hadde gledd seg til i mange år som vart avlyst. Også ungdommane våre har hatt det tøft. Ein kan ikkje utsetta konfirmasjonen til neste år, eller russetida, fadderveka eller 18-årsdagen.

Sauda har klart å isolera den smitten som har kome til Sauda, og me har unngått større utbrot

Det er mange klemmar som skulle vore gitt i 2020 som måtte venta. Men folk i Sauda, både fastbuande og besøkande, har vore veldig flinke til å følgje smittevernreglane. Og eg vil berømma næringsliv og handelstand som har tatt dette på største alvor. Det har gjort at Sauda har klart å isolera den smitten som har kome til Sauda, og me har unngått større utbrot. Og me er geografisk heldige i denne situasjonen, med lite inn- og utpendling. Alt i alt trur eg derfor at innbyggarane våre har følt seg trygge i Sauda gjennom pandemien. Nå er vaksinane på full fart ut til prioriterte grupper. Sauda startar med vaksinering allereie nå i første veka i det nye året. Det er lys i tunnelen. Me skal klara å kjempa ned viruset.

Nokre bedrifter har hatt det hardt i 2020, men alt i alt trur eg bedriftene i Sauda har klart seg godt dette året. Me merka auka turisttrafikk i sommar då alle skulle ha norgesferie, og hyttene i kommunen er brukt mykje meir enn normalt. Smelteverket har produsert godt heile 2020. Dette merkar me på låge tal i statistikkane for permitterte og arbeidsledige.

Kommunestyret starta året med å godkjenna ny kommuneplan som skal gi retning for Sauda dei neste ti åra. Og allereie i haust har fleire reguleringsplanar, med både nye bustad- og hytteområde, komme godt i gong. Dette gir optimisme i byggenæringa som er stor og viktig for Sauda. Me har kapasitet og plass til fleire innbyggarar og hyttefolk i kommunen.

Sauda har faktisk hatt fylkets største prosentvise vekst i gruppa 0-18 år dei siste ti åra.

Sauda har hatt negativ folketalsutvikling, noko som me jobbar hardt med å snu, og det er og lyspunkt i utviklinga av folketalet. Sauda har faktisk hatt fylkets største prosentvise vekst i gruppa 0-18 år dei siste ti åra. Dette viser at Sauda er ein attraktiv plass for å etablera seg for barnefamiliar og me klarer å oppretthalde elevtalet i skulane våre. Men me må heile tida gjera det me kan for å vera attraktive og ha arbeidsplassar til dei som vil flytta hit.

I haust kom det to viktige rapportar om kva som skal til for å lykkast med å utvikle samfunn som Sauda; Distriktsnæringsutvalet og demografiutvalet leverte begge grundige analysar over distrikta i Norge. Det er stor verdiskaping i distrikta og i Sauda. Og me er viktige for storsamfunnet. Sentralisering er eit nasjonalt problem, og me har fått mange forslag til kva me kan gjera for å tiltrekka oss arbeidskraft til bedriftene våre og folk til samfunnet. Begge utvala peikar på at gode kommunale tenester, innhaldsrike sentrum, varierte fritidsaktivitetar og godt kulturtilbod er like viktig som arbeidsplassar når folk vel kor dei vil bu. Me har mykje av dette i Sauda, kanskje må me bli endå betre til å få dette fram? I 2021 skal me bruke rapportane og tiltaka som er føreslått til å utvikla Sauda – og det kjem ein stortingsvalkamp der distriktspolitikk vil få stor merksemd. Det må me utnytta til det beste for Sauda.

Arbeidsplassar er sjølvsagt viktig, og me har gode krefter som jobbar kvar dag me å utvikla bedrifter og legga til rette for nye arbeidsplassar. Aktivitetsnivået i kraft- og prosessindustrien har vore høgt, og det ser det og ut til å bli i 2021 – det er bra. Me har og fleire nye etableringar i kikkerten, og eg håpar 2021 blir året der me endeleg får nye næringsvegar etablert i Sauda. Når nye bedrifter etablerer seg krev det alltid investeringar og då dryp det òg på eksisterande bedrifter. Rett før jul fekk Sauda Vekst utført ei kartlegging av reiselivsnæringa i Sauda. Denne viser at det er stor verdiskaping og sysselsetting innanfor denne næringa og at hyttene i kommunen er den største drivaren. Den peikar òg på at det er potensial for å henta ut meir i frå reiselivet. Ein moglegheit me må utnytte.

Eg ser fram til mange lyspunkt i 2021,

Sjølv om 2021 også startar nokså mørkt, med pandemi og eit kommunebudsjett med store innsparingar grunna låge kraftprisar og lav skatteinngang, så går det mot lysare tider. Sauda har alle forutsetningane for å klara seg over kneika og nå startar me med vaksinar og gradvis normalisering. Så trur eg me kjem styrka ut av denne situasjonen òg. Det er godt samhald i Sauda og me har fått til mykje godt i lag før. Eg ser fram til mange lyspunkt i 2021, ikkje minst til å igjen treffa folk og dela ut handtrykk og klemmar.

Godt nytt år, alle saman.