Gondol

Nokre tankar kring gondolbane frå Kro i Svandal til Djuvsbotn kontra veg på same strekning.

Då gondolbana først blei presentert var prisantydninga på dryge 45 millionar kroner.

Gondolbana blei markedsført som ei fantastisk investering for å få turistar til Sauda og                                                                                                      Sauda vidare opp i fjellheimen.

Det blei sett i gang innsamlingsliste for å skaffa pengar til dette vidunderet. Men dei hadde  skylappar for andre løysingar

Insamlinga har gått kjempegodt. Det har komme lovnad på nær 10 millionar. Riktignok er det ein del atterhald som må oppfyllast før pengane kan frigis.

Men så har tida gått. Etter ny finrekning er gondolen kommen opp i 65 millionar. Denne summen er og lausleg. Altså 20 millionar meir enn først antatt. Nå er det samla inn ti millionar.  Likevel er det berre halvparten av prisstigninga. Det vil seia at det må samlast inn nye ti millionar berre for å henta inn prisstigninga. Skal ein ha ein eigenandel slik som tenkt, må ytterlegare ti millionar samlast inn.  Det er mange usikkerheitsmoment i desse prisane.  Kva vil sluttsummen bli? Og når kan gondolen takast i bruk? Det kan gå mange år før det skjer. Eg vil ikkje seia at ein kan gløyma denne gondolen, men som første satsing nå er det lite forsvarleg  Ein veg på same strekninga vil vera mykje billigare,  den kan frakta minst like mange turistar og mykje meir varer og materiell og den står alltid klar til bruk. Ein slepp å venta på nokon til å køyra gondolen, eller helikopteret, når varer skal til Djuvsbotn.

Las i Ryfylke for ei tid sidan om planane for Djuvsbotn. Der vil dei ha ein «gondolbane til».  Den skal gå til Ravnafjell. Og elles skal det byggjast servicebygg, fleire heisar og leggjast til rette for eit skikkelig alpin-/skiområde. Det er eg einig i, men ikkje utan ein skikkelig veg til god parkering, litt nedom Djuvsbotn. Og den vegen hastar det med. Med stadig mildare vêr og mindre snø i låglandet, kan den bli det som reddar Svandal som skidestinasjon.

Skjønar ikkje at ein veg i eit allereie utbygd område ikkje kan aksepterast. Sauda bruker i reklamen at det er lett adkomst til alle dalføre med bilveg og så skal det ikkje gå an til Djuvsbotn som verkelig treng ein skikkeleg veg, og som er det største trekkplasteret for turismen i Sauda.