Temperaturar ned mot elleve minusgrader har bidratt til at Saudafjorden er iskledd.
Temperaturar ned mot elleve minusgrader har bidratt til at Saudafjorden er iskledd. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Buss for båt

Fjordisen hindrar hurtigbåten frå å kjøra til Sauda.

Det kalde januarvêret medfører problem for hurtigbåten i Indre Ryfylke. Alt nyårsdagen melde Kolumbus på sine nettsider at Saudaruta ville gå med buss mellom Ropeid og Sauda inntil vidare. Årsaka er is i Saudafjorden.

Ifølge langtidsvarselet på yr.no for dei neste ti dagane vil ikkje januarkulda sleppa taket på ei stund. Dermed må Sauda belaga seg på at fjordvegen vil vera stengt ei stund frametter.