Ein flau seanse

Onsdagens dramatiske hendingar i Washington DC skaper reaksjonar langt utanfor USA sine grenser. Til og med i enden av ein fjord i Sørvest-Norge.

Då fleire hundre Trump-tilhengarar tok seg inn i den amerikanske kongressbygningen i går kveld norsk tid, kryssa dei samtidig ei klar grense for kva som er akseptabel og ikkje akseptabel framferd i eit fungerande demokratisk system.

«kryssa dei samtidig ei klar grense for kva som er akseptabel og ikkje akseptabel framferd»

6. januar var datoen då kongressen i USA formelt skulle godkjenna Joe Biden frå det demokratiske partiet som landets 46. president. Den sittande presidenten, Donald Trump, har heilt sidan valet i november hevda at motstandarane har juksa seg til sigeren, utan i særleg grad å kunna legga fram bevis på at noko uregelmessig skulle ha førekome.

Det er temmeleg spesielt når den sittande presidenten kallar inn til folkemøte i hovudstaden same dagen som det formelt blir klart at han ikkje får halda fram som landets leiar. Det er ikkje mindre spesielt når den same Trump slår fast at han aldri vil gi seg, samtidig som han ber tilhengarane sine om å visa styrke. Det er ikkje overraskande at dette blir oppfatta som oppmoding om bruk av fysisk makt. Til slutt vel presidenten å gå ut og oppmoda demonstrantane om å trekka seg tilbake. Samtidig støttar han demonstrantane ved å omtala dei som «flotte patriotar som har blitt dårleg og utrettferdig behandla».

«…akseptert og ein rett som blir halde høgt i eit demokrati…»

Å seia meininga si høgt og tydeleg og uttrykka vonbrot over valresultatet er akseptert og ein rett som blir halde høgt i eit demokrati. Å demonstrera offentleg det same. Men ikkje vald. Aldri. Hendingane onsdag er utan sidestykke i amerikansk historie. Det same er handteringa til presidenten, som må tola knallhard kritikk, mellom anna frå statsleiarar i andre vestlege demokrati – og frå ei rekke partifellar i det republikanske partiet.

I Ryfylke kan du i dag lesa om korleis amerikanske Paul Calvert i Sauda reagerer på hendingane i hovudstaden i heimlandet. Han skildrar det som skjedde mellom anna som opprørande, tungt, trist og skuffande. Og ikkje representativt for det Calvert opplever som eit velfungerande politisk system.

Sjølv om det gjer inntrykk, kjennest dramaet i Washington DC heldigvis framandt for oss på andre sida av Atlanteren. Tida vil visa om hendingane på sikt vil svekka verdssamfunnet sin tillit til det amerikanske demokratiet, eller om det heile går over i historia som ein flau parentes.