Major Thorbjørn Vang i karakteristisk positur med trekkspellet sitt. Trass koronakluss fekk Frelsesarmeen i Sauda inn over 100 000 kroner i si juleinnsamling denne gongen.
Major Thorbjørn Vang i karakteristisk positur med trekkspellet sitt. Trass koronakluss fekk Frelsesarmeen i Sauda inn over 100 000 kroner i si juleinnsamling denne gongen. FOTO: Ingvil Bakka.

– Ein ganske tilfreds frelsesmajor!

Saudabuen var rause i juletida.

– Her kjem ein ganske tilfreds frelsesmajor! Juleinnsamlinga vår gav godt over 100 000 kroner, strålar ein fornøgd Thorbjørn Vang ei veke inn i det nye året.

I ei førjulstid prega av korona, var han lenge uroa for korleis årets innsamling skulle gå. Både julekonserten i kyrkja og tradisjonell tenning av julegrana måtte gå ut, arrangement som til vanleg gir klingande mynt i julegryta til Frelsesarmeen.

– Resultatet er langt betre enn det føregåande året, opplyser Vang, og legg til at mulegheita for å vippsa pengar har slått positivt ut for innsamlinga.

Den 92-årige majoren meiner det gode resultatet viser at saudabuen er glad i Frelsesarmeen og har tillit til arbeidet deira. Pengane dei får inn blir brukt til å hjelpa folk som slit med å få endane til å møtast kring høgtidene og etter sommarferien.

– Alle pengane me får inn i Sauda, blir brukt til å hjelpa folk i Sauda, slår Vang fast.