Skisesongen er for alvor i gang i Slettedalen. Søndag blei det for første gong denne vinteren kjørt spor fra Minnehaugen til Berdalen.
Skisesongen er for alvor i gang i Slettedalen. Søndag blei det for første gong denne vinteren kjørt spor fra Minnehaugen til Berdalen. FOTO: Knut Atle M. Seim.

– Kjører spor sju dagar i veka i Slettedalen ved behov

Slettedalsanlegget leiger entreprenør til løypekjøring.

Snøfallet i løpet av helga har gitt gode skiforhold i Slettedalen. Denne sesongen vil løypene bli preparert kvar morgon, dersom det har kome snø.

– Me kjem framleis til å preparera løyper på dugnad, men i år har me valt å leiga Brødrene Selvik AS til å stå for løypekjøringa om morgonen, opplyser Ola Martin Øverland ved Slettedalsanlegget.

Sauda sin hovudarena for langrenn har til nå blitt preparert på dugnad.

– Det er tid- og arbeidskrevjande å kjøra heile traseen og av og til utfordrande å få til om morgonen for dugnadsfolka. Nå tar me eitt steg vidare for å sikra god forhold for dei som vil gå på ski, seier Øverland, og legg til at dugnadsgjengen vil sørga for ny preparering om ettermiddagen dersom det er behov for det.

Ifølge Øverland ligg det måndag føremiddag om lag 40 centimeter snø i dalen. Det er kjørt spor til Berdalen, 15 kilometer tur/retur frå Minnehaugen, i tillegg til sprintløypa på 2,3 kilometer. Anlegget har lysløype på til saman 7,5 kilometer.

På nettsida skisporet.no kan alle følga med på kva tid løypene i Slettedalen, Lyngmyr/Nordstøldalen og Svandal sist blei preparert.