Mykje meir å hala

Hyttefolket bidrar sterkt til omsetting i den lokale handels- og servicenæringa, men har meir å gå på. Og bortsett frå i skisenteret i Svandal, hentar Sauda svært lite på dei mange dagsturistane som legg vegen hit i vintersesongen.

Det er med andre ord ikkje reint få bilar som i løpet av ein god skisesong tar til høgre i Svandalskrysset og kjører rett heimover etter å ha utfalda seg i snøen Svandal. Nokre av dei tar gjerne turen innover for å fylla drivstofftanken før heimreisa og kjøper kanskje med seg ei pølse i same slengen. Endå færre svingar oppom sentrum for å få seg eit måltid, og nesten ingen gjer saudabesøket til ein helgetur med overnatting. Om sommaren kjører dei fleste rett gjennom Sauda, utan så mykje som ein liten is-pause.

«Om sommaren kjører dei fleste rett gjennom Sauda…»

Dette er blant funna som kjem fram i ei undersøking analysebyrået Menon har gjennomført på vegner av Sauda Vekst. Her kjem det også fram at hyttefolket i Sauda bruker fritidsbustadene sine mindre enn den gjennomsnittlege, norske hytteeigaren og at hotell- og serveringsbransjen i Sauda hentar meir inntekter sommarstid enn om vinteren.

For Sauda, med hundreårig tradisjon som vinterdestinasjon, er det både overraskande og skuffande at ikkje det lokale næringslivet får meir igjen for å legga til rette for fantastiske friluftsopplevingar for fleire tusen vintergjester. Det er altså ikkje nok å ha Rogalands største skisenter, kommunens fyrtårn innan turismesatsinga, for å få fart på omsetninga.

«Endå færre svingar oppom sentrum for å få seg eit måltid»

Både saudabuar og tilreisande uttrykker ifølge Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid at tilgangen på naturopplevingar og friluftsliv er verdiar dei set høgt. Her har Sauda mykje å by på, men det har også svært mange andre norske kommunar. Det må med andre ord meir til av spennande opplevingar og aktiviteter, både sommar og vinter, skal ein bli lagt merke til.

Gondolbane i Svandal er eit godt døme på eit framtidsretta utviklingsprosjekt. Ikkje for det at gondolbanen i seg sjølv er det store målet, men fordi denne kan vera eit tiltak som opnar mulegheiter for ytterlegare utvikling. Det gjeld å ha visjonar, store, hårete mål og gode strategiar for å nå dit ein vil.

Undersøkinga frå Menon gir viktig kunnskap om korleis turistane som besøker Sauda tenker og handlar. Ein kan meina og synast mykje lokalt, men lite trumfar tilbakemeldingar frå dei me ønsker skal opna lommeboka. Konklusjonen frå undersøkinga må vera at Sauda har eit enormt, uforløyst potensial når det kjem til å henta inntekter frå turisme.