Håvard Handeland og Linde Espeland skal representere Sauda og Ryfylke i ungdommens fylkesråd. 
Håvard Handeland og Linde Espeland skal representere Sauda og Ryfylke i ungdommens fylkesråd.  FOTO: Oda Bjønnes Hanslien.

Saudaungdommar med ambisjonar

To ungdommar frå Sauda kommune blei i desember valt inn i ungdommens fylkesråd for Rogaland. Saman med sju andre håpar dei på å påverke fylkespolitikarane.

Sist veke blei det første møtet i det nye ungdommens fylkesråd for Rogaland halde digitalt via Teams. Rådet består av ni ungdommar frå heile Rogaland. I fylkesrådet skal ungdommane behandle mange saker som også kjem på sakskartet til fylkesutvalget og fylkestinget. Dei får også fremme og drøfte eigne saker. Linde Espeland og Håvard Handeland frå Sauda har begge fått plass i det nye rådet.

– Eg synest det er kjempepositivt. Eg kjenner begge to og synest dei er veldig flinke. Det er viktig for Sauda med ei stemme i fylkespolitikken, seier ordførar Asbjørn Birkeland.

Espeland og Handeland er ikkje ferskinger når det kjem til politikk. Begge har sete i Sauda kommunes eige ungdomsråd. Espeland har også vore representant i Ungdommens fylkesting. Dei fekk begge sin første smak på politikk gjennom elevråda på skulen.

– Det har alltid vore kjekt å få vere med å påverke litt. Det har eg alltid likt, seier Handeland.

Mental helse høgt på lista

Neste møte er 29. januar. Da skal dei vedta nytt handlingsprogram for 2021. Forrige program hadde samferdsel, skule og miljø øvst på lista. I år skal dei sjå meir på psykisk helse, som har vore eit stort tema under koronarestriksjonane.

– Me ønsker at det er ein helsesjukepleiar på skulen til ein kvar tid. Det er liten vits når dei kun er der ein gong i veka. Det gir ikkje meining for meg, seier Handeland.

Undersøkingar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet viser at ungdom blir plaga av stress og uro. Nesten halvparten av elevar på videregåande skule føler at alt er eit slit. Espeland ønsker tiltak for å gjere ungdom merksame på at det finst moglegheiter for hjelp, også i Sauda.

– Det er viktig for meg at ungdom veit at det går an å gå til psykolog i Sauda. Det finnes nokon du kan snakke med.

Håpar på meir engasjement

Sjølv om dei syntest det første digitale møtet var kjekt, så saknar dei å kunne treffast.

– Det er mye kjekkere å kunne møtast fysisk. For det er mykje utanom politikken også, som middagar og felleskapet, seier Espeland.

Begge er storfornøgde med å få plass i det nye rådet og gler seg til å kunne påverke dei sakene som blir tatt opp. Dei skulle ønske det var fleire ungdom som engasjerte seg for politikken. Likevel meiner Espeland at det er fleire enn ein trur som engasjerer seg.

– Eg trur ikkje det er så mange ungdommar som vil seie at dei engasjerer seg politisk. Men eg ser jo at det er mange som er glad i å diskutere og som har sterke meiningar.

Det nye ungdommens fylkesråd i Rogaland for 2021

  • Solveig Vik frå Haugesund/Haugalandet, leiar
  • Trym Talgø Olsen frå Eigersund/Dalane, nestleiar
  • Håvard Sømme frå Gjesdal/Jæren
  • Linde Espeland frå Sauda/Ryfylke
  • Daniel Pedersen Gjeitanger frå Sandnes/Nord-Jæren
  • Maria Kydland Bergeland frå Bjerkreim/Dalane
  • Håvard Handeland frå Sauda/Ryfylke
  • Maria Førsvoll frå Randaberg/Nord-Jæren
  • Edith Marie Hundsnes frå Tysvær/Haugalandet