Likestilling i arbeidslivet

For Arbeiderpartiet er arbeid for alle – jobb nr 1. Eit velorganisert arbeidsliv og høg organisasjonsgrad skapar tillit mellom partane. Det gir den ansatte trygg og forutsigbar arbeidskvardag. Likestilling har alltid stått sentralt for Arbeiderpartiet, det gjeld også i arbeidslivet.

Då må me ha eit arbeidsliv med heile og faste stillingar, for mange kvinner er det ikkje slik i dag. Alt for mange kvinner for eksempel innan helse/omsorg, reinhald og innan servicebransjen blir tilbudt små stillingsstørrelsar.  Dette skapar ikkje trygghet og forutsigbarhet. Dei ansatte må vera klar på kort varsel når det kjem spørsmål om ekstravakter. Små stillingsstørrelsar gjev heller ikkje lån i banken og kjøp av eigen bustad er for mange èin fjern draum.

Desse – oftast kvinnene var det Noreg klappa for i mars då Covid- 19 pandemien råka oss. Då var desse kvinnene på jobb, i butikken, på sjukeheimen, på sjukehuset, i SFO, skule og barnehagen. Dei holdt Noreg i gang. Då kan det vel ikkje vera så vanskelig å tilby desse kvinnene 100 % stilling. Me ser og kor stor faren er for kryss- smitte, når èin må jobba fleire stader for å oppnå full stilling.

Arbeiderpartiet vil alltid vera på lag med desse kvinnene! Arbeiderpartiet vil ha eit likestilt arbeidsliv!

I offentleg eller privat sektor skal ingen måtte jakte ekstravakter for å få økonomien til å henge saman. Ingen skal ha èin arbeidskvardag kor èin ikkje veit når neste vakt er.

Med ansatte i heile og faste stillingar får èin betre tenester. Dette gjeld både innan offentleg og privat sektor. Leiinga får bruka tid på leiing og ikkje stadig opplæring av nye vikarer, dette skapar eit trygt og stabilt arbeidsliv. For Arbeiderpartiet handler likestilling og om eit likestilt arbeidsliv!