Utbygging i Svandal – gondol kontra veg

Eg har håpa at innlegga mine om gondol kontra veg til Djuvsbotn skule starta ein diskusjon i Ryfylke, og i tysdagsavisa skreiv Atle Wigum eit langt og interessant innlegg.

At eg ikkje er einig med alt han skriv, det er heilt greitt. For meg er gondol eit framkomstmiddel, ikkje ein gallionsfigur. Skal me ha gondol, må den ha ein viktig funksjon. Det er frå Djuvsbotn denne kjem til sin rett.

Dette handlar om ei svært viktig avgjerd for heile Sauda.

Det meste av vintrane har det gått greitt med skitrekka. Det er helst før jul og ved sein påske problema med lite snø melder seg. Men det er då innteninga er størst. Kor lenge det blir slik, eller om det blir verre, vil tida visa. Men å bygga ein sprikkdyr gondol berre for å nå opp i snøen er som å skyta spurv med kanon.

Eg vil absolutt ikkje ha vegen inn i Djuvsbotn, den må slutta i god tid før. På vintertid må heile området i Djuvsbotn vera snølagd. Vegtraseen vil liggja vekk frå skiløypene.

Eg har fleire spørsmål til Sauda Vekst i samband med planane om utbygging i Djuvsbotn, utan at dei vil ha veg:

Korleis vil de løysa transporten av alt utstyr, materiell og arbeidsfolk utan veg? Har de rekna på ekstrakostnadene denne transporten vil gi? Er gondol framleis hovudtransportmiddelet? Kor skal endestasjonen for gondolen vera? Korleis vil de drifta ein gondol til 65 millionar kroner, med driftsutgifter, løn og vedlikehald, med overskot, i konkurranse med skitrekka? Har de utarbeidd ein heilheitsplan for alt som skal skje i Djuvsbotn, slik som kor det skal koma heisar og kor det skal vera løyper utan hinder, slik at det ikkje blir kollisjonar? Kor kan servicebygg og hytter plasserast?

Eg er ikkje imot gondol, berre så det er sagt. Kunne godt tenkt meg ein gondol frå Djuvsbotn til Tjuvanuten 858 moh. På toppen der ser eg for meg ein kafè eller ei varmestove med store vindauge, slik at eg kan nyta den flotte utsikta der oppe med ein kaffikopp og eit wienerbrød. Eg er så gammal nå at eg måtte nok ta gondolen ned igjen og.

Eg kan ikkje tenka meg ei utbygging i Djuvsbotn utan veg. Det vil vera som å gå baklengs inn i framtida med øyreklokker og bind for augo.