Den nyoppussa nettsida til utdanningiryfylke.no har kosta mellom 150 og 200 000 kroner.
Den nyoppussa nettsida til utdanningiryfylke.no har kosta mellom 150 og 200 000 kroner. FOTO: Skjermdump.

Annleis yrkesmesse i år

Sauda og Suldal har arrangert yrkesmesse annankvar gong i over ti år med godt oppmøte både frå elevar, bedrifter og utdanningar. Årets messe er torsdag 21. januar og den blir halde digitalt.

Dei siste åra har det vore mellom 700 og 900 personar samla i enten Saudahallen eller Suldalshallen når den årlege yrkes- og utdanningsmessa har blitt arrangert. Koronapandemien set ein stoppar for dei fleste arrangement for tida, men yrkesmessa blir arrangert også i år. Torsdag 21. januar blir det halde digital yrkesmesse på utdanningiryfylke.no. Nettsida har blitt oppgradert for mellom 150 og 200 000 kroner.

– Det har vore ein intens prosess for å få dette til, seier prosjektleiar i Suldal Vekst, Marit Larsen.

Sauda og Suldal kommunar har saman med Sauda VGS, Rytopp, ungdomsskulane, Sauda og Suldal vekst-selskapa og næringslivet i kommunane, bygt opp ein digital plattform som skal vere til hjelp for dei som skal velge yrke og utdanning.

– No bygger me opp ein digital plattform som har langt større verdi over tid enn ei rein yrkes- og utdanningsmesse ein gong i året, seier Larsen i ei pressemelding.

Ikkje folk på stand i år

Tidligare år har det vore rundt 60 utstillarar på messa. Prosjektleiaren seier ho hadde vore fornøgd med halvparten i år, men kan fortelle at 47 utstillarar har meldt seg på årets messe. Dei kan nås på e-post og sosiale medier gjennom heile dagen.

– Me trur på kommunikasjon mellom menneske, men når dette ikkje er mogleg grunna smittefare så har me funne alternative løysingar.

På den nyoppussa nettsida til YUM møter du 15 «bransjehus» som ein kan trykke seg inn på for å finne informasjon om kva ein kan arbeide som innan bransjen, kva utdanning du treng og kva moglegheiter ein har i Ryfylke.

– Det er to bransjehus som me ikkje har utstillarar for, men ein skal uansett få hjelp dersom ein er interessert i desse. Då kan me kontakte rådgivar eller liknande, seier Larsen.

Må tenke langsiktig rekruttering

Ifølge tal frå SSB vil det vere ein befolkningsnedgang i Sauda kommune på over åtte prosent i 2050. Det utgjer 387 personar. Dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning, meiner næringslivet må vera på hogget for å sikra rekruttering til sine bedrifter.

– Dei som legg sjela i rekrutteringsarbeidet vil vinna over tid, seier Løyning i ei pressemelding.

Marit Larsen i Suldal Vekst ønsker at den nye digitale plattforma kan styrke grunnlaget til ungdommane i Ryfylke når dei skal ta viktige val for framtida. Ho meiner også at det er viktig for kommunane i indre Ryfylke å tenke langsiktig rekruttering.

– Me har område der det er stor naud på arbeidskraft i næraste framtid, opplyserLarsen i  pressemeldinga.